Stillingsbeskrivelse

Published 15-09-2024
Deadline: 30-09-2024

 

Miljøterapeutar i nyoppretta bustad og ambulant teneste

Eining Meistring og psykisk helse har mellom anna ansvar for bufelleskap for menneske med nedsett funksjonsnivå. Vi skal no etablere ein ny bustad på Valderøya i tillegg til ei ambulant teneste, og har i samband med dette ledig 2 nyoppretta 100 % faste stillingar som miljøterapeut. Stillingane er ledige frå snarast og vil for tida inngå i turnus med langvakter (inntil 12,5 timar) og arbeid kvar 4. helg. Om lag 70 % av kvar stilling blir knytt til boligen og resterande i ambulant teneste.

Menn blir oppmoda om å søkje.

I tillegg til formell kompetanse vil personlege eigenskapar og at ein er eigna for stillinga vere avgjerande ved tilsetjing.

Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.

Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeide målretta for den enkelte tenestemottakar, med tett samhandling med pårørande.
  • Koordinere  og lede ansvarsgrupper ved aktiv bruk av individuell plan.
  • Levere teneste ut frå gjeldane lovverk.
  • Bruk av ulike digitale verktøy.
  • Tverrfagleg samarbeid internt og eksternt.
  • Målretta miljøterapi.

Kvalifikasjonar

  • Autorisert vernepleiar eller sjukepleiar, men sosionomar og andre med 3-årig helse og sosialfagleg h/u-utdanning er også velkomne som søkjarar.
  • Erfaring frå arbeid i bufellesskap for menneske med nedsett funksjonsnivå.
  • Kompetanse og erfaring i arbeid med utfordrande åtferd.
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
  • God digital kompetanse.
  • Førerkort for bil med manuell gir.

Personlege eigenskapar

  • God lagspelar som er opptatt av  bidra til eit fagleg godt og inkluderande arbeidsmiljø.
  • Evne til å bygge gode, trygge relasjonar og kunne stå i det òg når ein vert utfordra.
  • Trygg i konflikthandtering.
  • Fleksibel og løysingsorientert.
  • Gode komunikasjonsevne og samarbeidsevne.
  • Evne til nyskaping og til å sjå løysingar.

Vi tilbyr

  • Mogelegheit til å vere med å utvikle tenestetilbodet.
  • Varierande og givande arbeidsoppgåver.
  • God opplæring.
  • Tverrfagleg samarbeid.
  • Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.

Kontaktinformasjon

Anne Marthe Busengdal, avdelingsleiar, 41702363
Kristine Finnøy, nestleiar, 90935279
Nina-Mildrid Sæther, avdelingsleiar, 95472671
Therese Nordheim Nesseth, einingsleiar, +47 47316717

Arbeidsstad

Valderhaug 4
6050 Valderøya

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Giske kommune

Referansenr.: 4860079769
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.09.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver eining Meistring og psykisk helse, Giske kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Giske kommune har om lag 8700 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.

 

Webside http://www.giske.kommune.no
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Bank finans forsikring
Sted VALDERØYA (Adresse: Valderhaug 4 Postnr: 6050)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 30-09-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/c11c85dc-e749-4cce-96c9-5f064539a897
IMPORTAPI