Miljøterapeut/sjukepleiar/vernepleiar – Psykisk helsevern for barn og unge, Helse Førde
Health and social care Miljoarbeidere(3 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 19-12-2024
Deadline: 12-01-2025
Miljøterapeut/sjukepleiar/vernepleiar
UPH (Ungdomsavdeling psykisk helsevern) er ein av fire seksjonar i Psykisk helsevern for barn og unge (PBU) i Helse Førde. UPH er ei døgnavdeling for ungdom i alderen
12 – 18 år. Avdelinga er den einaste av sitt slag i Helse Førde og har akutt-, intermediær- og langtidsplassar.
- UPH søkjer etter miljøterapeut med medisinsk kompetanse i 100% stilling, 3-delt turnus
- Stillinga er ledig per i dag
Vi oppmodar menn til å søkje.
Arbeidsoppgåver
- Gjennomføre miljøterapeutiske oppgåver i samsvar med avdelinga sine rutiner
- Følgje opp ut ifrå behandlingsplan og gjeldande rutiner
- Delta i teamarbeid og samarbeid med eksterne partar
Kvalifikasjonar
- Må ha medisinsk kompetanse, f.eks. autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
- Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid med ungdom
Personlege eigenskapar
- Vi ønskjer oss engasjerte og arbeidssame kollegaer som kan trivast i eit kunnskapsrikt fagmiljø
- Gode kommunikasjonsevner, sjølvstendigheit og struktur blir verdsatt
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
- Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordingar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Frank Roger Kalstad, Seksjonsleiar, +47 57839786
Arbeidssted
Svanehaugvegen 7
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 4898912844
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Psykisk helsevern for barn og unge, Helse Førde orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. |
Webside | https://www.helse-forde.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Miljøarbeidere |
Sted | FØRDE (Adresse: Svanehaugvegen 7 Postnr: 6812) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 12-01-2025 |