Miljøterapeut – Sandnes ungdomssenter – Minde 2, Bufetat
Health and social care Miljoarbeidere(16 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 15-12-2024
Deadline: 05-01-2025
Miljøterapeut
Sandnes ungdomssenter er ein statleg barnevernsinstitusjon som ligg i Sandnes kommune. Eininga ligg flott til i eit triveleg nabolag, og har nydeleg utsikt utover Sandnes og Stavanger. Me er ein omsorgsinstitusjon med to avdelingar og 8 plassar. Ei avdeling er for barn mellom 8 og 13 år, mens den andre er for ungdom mellom 13 og 18 år. Det er 4 plassar på kvar avdeling. Begge avdelingane har eigne avdelingsleiarar.
Ved Sandnes ungdomssenter har me det siste året hatt ein spennande utvikling kor me har forsterka eininga vår med bemanning og kompetanse. Me har i denne prosessen implementert ny fagmodell; Omsorg- og endringsmodellen (OEM). Modellen byggar på kognitiv terapi og dialektisk åtferdsterapi (DBT). Avdelingane har eigne fagansvarlege miljøterapeuter som følgje opp modellen i det daglege.
Vi har en ledig fast nattevaktstilling som miljøterapeut i 53,5 % stilling, med arbeid kvar 4. helg.
Me søkjer deg som er ein trygg, tydeleg og tillitsvekkjande vaksen med godt humør, som likar å arbeide med- og for ungdom.
Arbeidsoppgåver
- Ivareta ungdomane med god omsorg gjennom å vere ein trygg, tydeleg og føreseieleg vaksen.
- Reinhald og matlaging i beskjeden grad
- Delta på ulike interne møtar som overlapping mellom vaktlaga og personalmøtar en gang i månaden.
- Skriftleg dokumentasjon i samband med dagleg loggføring i Birk og anna skriftleg dokumentasjon.
- Kontakt med ulike samarbeidspartar, som kommunal barnevernteneste, føresette, sosialt nettverk, politi, helseinstansar m.fl.
Kvalifikasjonar
- Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) bachelor tilsvarande 180 studiepoeng.
- Søkjarar med anna relevant bachelorgrad som til dømes innan sjukepleie, pedagogikk eller psykologi, kan og vurderast.
- Kandidatar med påbegynt sosialfagleg høgskuleutdanning og relevant erfaring kan og søke.
Me ser etter deg som
- Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Er sjølvstendig i skriftleg arbeid og god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid.
- Har god fysisk og psykisk helse.
- Har førarkort for personbil kl. B
Det er ønskeleg med
- Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/eller barne- og ungdomspsykiatri.
- Kjennskap til Barns rettigheitar i institusjon, jfr. barnevernslova.
- Kjennskap til Tryggleik og sikkerheit.
- Kjennskap til Traumebevisst omsorg.
Personlege eigenskapar
- Du rommar ungdomane og deira uttrykk på ein varm og støttande måte, og arbeidar aktivt for å skape forståing og endring. Du ser og ivaretek ungdomane sine behov.
- Du er engasjert, og har evne til å motivere andre.
- Du har god arbeidsmoral og gode samarbeidsevnar, og er ein positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet.
- Du er fleksibel, trivast med utfordringar og tåler hektiske og spanande kvardagar.
- Du ynskjer å være ein del av ein velorganisert kvardag, har forståing for, og vil bidra til oppfølging av gjeldande strukturar og rutiner.
- Du har evne til å utøve ansvarleigheit i det sjølvstendige arbeidet og evne til å samarbeide i team.
- Du kan nyttiggjere deg opplæring, rettleiing og konstruktiv tilbakemelding.
- Du har evne til å analysere utfordringar og vurdere forslag til løysing.
- Du har evne til å halde deg fagleg oppdatert og tileigne deg ny fagleg kunnskap.
Vi tilbyr
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, pt. kr 466 600 – 594 500 pr. år.
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, pt kr 524 700 – 624 500 pr. år.
- Ved godkjenning som klinikar, kan det tilsetjast i stillingskode 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, pt kr 532 200 – 624 500 pr. år.
- For søkarar utan høgskuleutdanning eller ikkje fullført bachelorgrad kan det tilsetjast i stillingskode 1486 miljøarbeider, p.t. kr 394 100- 454 500, 1203 fagarbeidar, p.t. kr 432 800 – 487 800 pr år eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr 443 000 – 502 300.
- Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
- Du vert del av ei engasjert og fagleg dyktig personalgruppe som tek vare på kvarandre.
- Vi vil tilby deltaking i avdelingsmøte minimum ein gong i månaden, på dagtid onsdager, ved samanslåing av dei to stillingane.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, med moglegheit om tilbod om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Opplysningar til deg som søkjer:
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Sandnes ungdomssenter, avdeling Minde 2.
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggjast ved elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt takast med ved eit eventuelt intervju.
Kontaktinformasjon
Kjersti Mari Fornæss, Avdelingsleder, 47 32 55 55, kjerstimari.forness@bufetat.no
Arbeidssted
Mindeveien 8A
4327 Sandnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bufetat
Referansenr.: 4895266008
Stillingsprosent: 53,5%
Fast
Startdato: 01.03.2025
Søknadsfrist: 05.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Sandnes ungdomssenter – Minde 2, Bufetat orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet. Bufetat region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen |
Webside | http://bufdir.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Miljøarbeidere |
Sted | SANDNES (Adresse: Mindeveien 8A Postnr: 4327) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 01-03-2025 |
Søknadsfrist | 05-01-2025 |