Miljøterapeut – nattevaktstillingar – Miljøarbeidertenesta, Gloppen kommune

Health and social care Miljoarbeidere

(18 timer siden)

  • SANDANE
  •  Lagt til dato: 17. november 2024
  •  Expire date: 8. desember 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 17-11-2024
Deadline: 08-12-2024

 

Miljøterapeut – nattevaktstillingar

Er du vår nye kollega? Vi har behov for tre nye nattevakter i 80 % stilling i miljøarbeidertenesta, med arbeider kvar tredje helg. 

Kvar dag møter mange personar opp på jobb i Gloppen for å skape eit godt liv og gode tenester for alle som oppheld seg i kommunen vår. Helse i Gloppen kommune er mellom anna organisert i Miljøarbeidertenesta, Bu- og omsorgsteneste, Heimetenesta, Legetenesta og Busetjings- og integreringstenesta. I kommunen samarbeider vi på tvers av einingane. Viste du at vi har eigne fagnettverk for område som psykisk helse, velferdsteknologi og klinisk observasjonskompetanse? Som tilsett hos oss ynskjer vi at du engasjere deg i arbeid med fag og fagutvikling.

Miljøarbeidertenesta yter i dag teneste til omlag 60 brukarar med utviklingshemming og psykiske lidingar. Vi har ca. 70 årsverk fordelt på sju avdelingar. Her arbeider sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidarar og assistentar saman for å tilby tenester av høg fagleg kvalitet. 

Overordna mål for tenesta er å levere teneste som bidreg til at brukarane får leve gode liv i tråd meg eigne føresetnadar, ynskje og behov. Dette stiller krav til relasjonskompetanse, eignaheit og individuelt tilpassa tenesteyting i tråd med lovverk, nasjonale og lokale føringar. Du vil arbeide brukarnært med mellom anna utarbeiding av mål- og tiltaksbeskrivingar, miljøarbeid, psykisk og somatisk helseoppfølging og støttesamtalar. 

På avdelingane nattevaktene gjev tenester til, bur det menneske med utviklingshemming, psykiske lidingar og rusproblematikk.  Vi er på utkikk etter deg som har engasjement for brukargruppa og kan bidra til at brukarane får eit godt og forsvarleg tilbod  heile døgnet. Som tilsett hjå oss vil du få ein meiningsfull og spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kvalifiserte kollegaer. Du vil få opplæring og høve til å bidra aktivt inn i det miljøterapeutiske arbeidet. 

Arbeidsoppgåver

  • Sikre at gjeldande lovverk og vedtak etter helse og omsorgtenestelova blir fulgt.
  • Planlegg, gjennomføre og evaluere  miljøterapeutiske tiltak
  • Journalføring
  • Kapittel 9

Kvalifikasjonar

  • 3 årig helse og sosialfagleg høgskuleutdanning
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Ynskjeleg med erfaring innan målgruppa
  • Gode IKT-kunnskapar
  • Personleg eignaheit vil bli veklagt i stor grad 
  • Dersom det ikkje melder seg søkjarar med relevant utdanning, kan det vere aktuelt og tilsette andre med interesse for og erfaring frå denne brukargruppa

Vi søker etter deg som

  • kan arbeide sjølvstendig, strukturert og planmessig
  • som har godt humør, god omsorgsevne og er god til å skape relasjonar
  • som er ein pådrivar for å skape ei god teneste, og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • initiativrik og ansvarsbevisst

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull og spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • At du får påverke og bidra aktivt i å skape ei fagleg utvikling innan det miljøterapeutiske arbeidet.
  • Engasjerte og kvalifiserte kollegaer.
  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding

Kontaktinformasjon

Synnøve Marie Hestenes, Tenesteleiar Miljøarbeidartenesta, +47 930 18 186

Arbeidsstad

Grandavegen 9
6823 Sandane

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune

Referansenr.: 4884080742
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.01.2025
Søknadsfrist: 08.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Miljøarbeidertenesta, Gloppen kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord – Sandane lufthamn – ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.

Webside http://www.gloppen.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Miljøarbeidere
Sted SANDANE (Adresse: Grandavegen 9 Postnr: 6823)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 3
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-01-2025
Søknadsfrist 08-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/7c80ba1f-d179-4423-b323-33f13aca39cc
IMPORTAPI