Miljøterapeut / miljøarbeider – DRIV arbeids- og aktivitetssenter

Health and social care Miljoarbeidere

(4 dager siden)

  • BØ I TELEMARK
  •  Lagt til dato: 16. september 2024
  •  Expire date: 30. september 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 16-09-2024
Deadline: 30-09-2024

 

Miljøterapeut / miljøarbeider

Stillinga er knytta til ein deltaker som treng tilrettelagt og tett individuell oppfylgjing. Stillinga ligg til Driv, men med arbeidsstad både på Driv og i heimen. Målet er å reetablere eit opplegg for ein deltaker som over tid har vore uten dagtilbod. Aktivitet vil i stor grad vere knytta opp mot Drivs gruppetilbod, som t.d. vedproduksjon, verkstad og pakk/montering. Arbeidsstad vil vere i bolig på dager deltaker ikkje kan vere ved Driv.

Driv er Midt-Telemark kommune sitt senter for arbeid, aktivitet og kvalifisering. Avdelinga har ca 10 årsverk, med dyktige og engasjerte tilsette som sørger for aktivitet, arbeid og kvalifisering for ei stor, samansett gruppe personer med ulike ynskjer og behov. Fellesnevner er at ein treng ei eller anna form for tilrettelagt aktivitet i kvardagen. Me er forskjellige, og me arbeider saman! 

Mange av Drivs deltakere har kommunalt vedtak om aktivitet, andre er her i samarbeid med t.d. avdelingen Psykisk Helse, NAV, Fylkeskommunen og andre aktørar. Avdelinga fylgjer opp deltakere både internt og dels hos eksterne samarbeidspartnere. Driv er organisert i fleire gruppetilbod – Vedproduksjon, Verkstad, Pakk og Montering, Psykisk Helse Aktivitet, og kafeen Mariposa. Vi har og ulike oppdrag eksternt. 

Stillinga er på dagtid – tre dager i veka. 

Arbeidsoppgåver

  • Oppfylgjing og tilrettelegging i dagaktivitet for ein deltaker med samansette behov, med følge til og frå bolig, oppfølging ved Driv, og i bolig. 
  • Henting i bolig på morgon, og fylgje til bolig etter deltakers arbeidstid / arbeid i bolig.
  • Oppfylgjing i bolig når deltakar ikkje kan vere ved Driv.
  • Pleieoppgåver.
  • Tett samarbeid med dei ulike gruppene ved Driv. Her vil og vere aktuelt å tidvis kunne utføre andre oppgåver i gruppene, m.a. for kortere avveksling og variasjon.
  • Rapportskriving, evaluering, deltakelse i samarbeidsmøter og ansvarsgruppe.
  • Vere ein del av staben ved Driv, delta i m.a. personalmøter.

Kvalifikasjonar

Krav til kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning og erfaring, t.d. helsefagarbeider eller relevant høgskole
  • Å vere personleg egna for oppgåva og ein god match med deltaker vil tilleggast stor vekt i denne prosessen.
  • Særs relevant praksis og realkompetanse vil kunne vurderes opp mot utdanningskrav.

Ønska kompetanse

  • Praktisk kompetanse / interesse for å kunne fylgje opp / utvikle tilbodet til deltaker ved Driv
  • Erfaring frå aktivitet og målretta miljøarbeid med personer med utviklingshemming
  • Noko kjennskap til tegn til tale, evt tegnspråk

Særskilde krav

  • Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
  • Førarkort kl. B

Personlege eigenskapar

  • Samarbeidsvillig
  • Interesse for og evne til å følge, motivere, veilede deltaker i kvardagen ved Driv, og til å utvikle tilbodet
  • Positiv
  • Faglig
  • Fleksibel og allsidig
  • Kreativ
  • Løsnings- og forbedringsorientert

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

  • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
  • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Ein heilt spesiell arbeidsplass med gode kolleger og deltakere

Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.

Kontaktinformasjon

Ken-Børre Langås, Avdelingsleiar, +47 90025526

Arbeidsstad

Gvarvvegen 54
3801 Bø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune

Referansenr.: 4857172393
Stillingsprosent: 60%
Fast
Startdato: 01.10.2024
Søknadsfrist: 30.09.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver DRIV arbeids- og aktivitetssenter orgnr: 976668375
Kort om arbeidsgiver

Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa.

Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.

Webside https://midt-telemark.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Miljøarbeidere
Sted BØ I TELEMARK (Adresse: Gvarvvegen 54 Postnr: 3801)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-10-2024
Søknadsfrist 30-09-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/8a4b151f-bc30-4a68-b979-9b10c092bb24
IMPORTAPI