Miljøterapeut i medleverturnus 100% fast – Kvinnherad kommune Barn og familie

Health and social care Miljoarbeidere

(5 dager siden)

  • HUSNES
  •  Lagt til dato: 21. november 2024
  •  Expire date: 5. desember 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 21-11-2024
Deadline: 05-12-2024

 

Miljøterapeut i medleverturnus 100% fast

Eining Barn og familie er ei av 21 einingar i sektor oppvekst. Eininga er delt opp i seks avdelingar; Barnevern, PPT, Helsestasjon, Avdeling for Familiestøtte, Villatoppen avlastningsbustad og Butiltak Barn og unge. Eininga held til på Husnes tenestesenter.

Omtale av stillinga

Butiltak Barn og unge «Liljetun» har ledig 100% fast stilling som miljøterapeut i medleverturnus frå 01.01.25. Butiltaket er organisert i Eining Barn og familie. Vi har 8 miljøterapeutar, 2 nattevakter og avdelingsleiar. 

Vi ser etter deg som har eit brennande engasjement for ungdom. Du som gledar deg over «dei små tinga» og er dyktig til å skape relasjon til ungdom. Vår avdeling vil gje omsorg til ungdom med ulike ressursar, utfordringar og behov. Dette krev at du er fleksibel, open, imøtekommande, nysgjerrig, tillitsbyggjande og omsorgsfull, samtidig som du ikkje er redd for å stå i vanskelege situasjonar. Du må ha stor arbeidskapasitet, og evne til rask omstilling i ein hektisk kvardag.

Du må vidare vere arbeidsvillig og fagleg engasjert, samt kunne jobbe sjølvstendig og i team. Har du relevant erfaring, der du tidlegare stått i vanskelege og utfordrande situasjonar – og tenkjer at du har noko å bidra miljøterapeutisk? Då bør du søkje!

Menn vert oppmoda om å søkje, då vi har behov for best mogleg kjønnsfordeling i tiltaket.

Kvifor burde du arbeide hos oss?

Vi kan tilby ein meiningsfull og gjevande jobb, der du ser kva din innsats betyr for ungdom du arbeider med.

Fagleg og personleg utvikling for våre tilsette er høgt prioritert hos oss. Vi vil legge til rette for kompetanseheving og oppfølging. Fagansvarleg og avdelingsleiar er tett på tilsette og tilgjengeleg for samtale og rettleiing.

Arbeidsoppgåver:

  • Miljøterapeutisk arbeid 
  • Tverrfagleg samarbeid 
  • Rapportering og dokumentasjon av miljøterapeutiske arbeid
  • Praktisk bistand og omsorg/pleie

Kompetanse:

Vi søkjer primært etter deg med bachelor i helse- og sosialfag (Vernepleier, sosionom, barnevernspedagog og sjukepleiar).

  • Erfaring frå medleverturnus 
  • Ynskjeleg med relevant vidareutdanning
  • Erfaring frå arbeid med barn og unge vert vektlagt
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar:

  • Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing
  • Er imøtekommande og har utprega evne til å skape tillit og gode relasjonar
  • Har gode samarbeidsevner, god kommunikasjonskompetanse og ansvarsforståing
  • Er trygg på deg sjølv og i stand til å handtere utfordrande åtferd
  • Løysingsorientert
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og strukturert
  • Evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • God kunnskap i norsk
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • God datakunnskap

Vi tilbyr:

  • Jamleg internundervisning og gode moglegheiter for kompetansehevande tiltak.
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver.
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
  • Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 12-11, opplæringslova § 17-11, lov om barnehagar § 30, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kvinnherad kommune Barn og familie orgnr: 933627780
Kort om arbeidsgiver Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter.
Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Nyleg vart Kvinnherad Arena opna, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte.
Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund.
Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Miljøarbeidere
Sted HUSNES (Adresse: Sentrumsvegen 29 Postnr: 5460)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 05-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/ef660d3a-6d7e-44a5-a4da-cc52476de9ed
IMPORTAPI