Miljøterapeut – Bergen fengsel

Health and social care Miljoarbeidere

(2 uker siden)

  • HYLKJE
  •  Lagt til dato: 8. september 2024
  •  Expire date: 22. september 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 08-09-2024
Deadline: 22-09-2024

 

Miljøterapeut

Om stillinga

Vi søkjer miljøterapeut i 100% fast stilling

Bergen fengsel har ei rusmeistringseining (RME) med plass til seks innsette. RME tilbyr både individuell – og gruppebehandling.
Rusmeistringseininga er eit samarbeidstiltak mellom Helse vest og Bergen fengsel.

Ein miljøterapeut skal ha evne til å planleggje, leie og evaluere innsette sitt påverknadsarbeid, sjå samanhengen mellom eigne oppgåver og andre fagområde, og ha gode kommunikasjonsevner. Miljøterapeut skal ha evne til tryggleikstenking, grensesetjing og konfliktløysing og i tillegg vere ein samtalepartnar, kontaktbetjent, rollemodell og rettleiar for dei innsette, og delta i målretta progresjonsarbeid med innsette.

Arbeidsoppgåver

•   teneste med daglege oppgåver knytta til oppfølging av innsette på RME
•   individuell oppfølging av innsette 
•   deltaking i gruppesamlinger saman med psykolog
•   gjennomføre individuelle rettleiingssamtalar, russamtalar mv.
•   intern opplæring innafor rusfeltet

Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.

Utdanning og erfaring

Du må ha

  • sosialfagleg høgskule- eller universitetsutdanning, eller anna relevant utdanning frå høgskule eller
    universitet på bachelornivå
  • fengselsbetjent med utdanning frå KRUS med anna relevant utdanning og erfaring kan bli vurdert til stillinga
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • god kunnskap og erfaring i bruk av IKT – system eller verktøy
  • førarkort klasse B 

Det er ønskjeleg at du har

  • erfaring med tverrfagleg samarbeid 
  • erfaring frå miljøterapeutisk arbeid 

Personlege eigenskapar

  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • har evne og vilje til å drive påverknadsarbeid
  • har evne til tryggleikstenking, grensesetjing, og å vere ein samtalepartnar og rollemodell for dei innsette
  • er mål- og resultatorientert
  • har evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk
  • evne og vilje til å delta på aktivitetar utanfor fengselet

    I samansetning av teamet på RME vil personlege eigenskapar bli vektlagt.
     

Vi tilbyr

  • meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • bedriftshelseteneste, velferdslag, treningsrom, gratis parkering og kantine
     
  • stillinga blir løna som miljøterapeut 1201 fra kr 460 600 – 584.500 pr. år, avhengig av kvalifikasjoner, det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse

Generell informasjon

Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.  

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her. 

Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.

Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til inspektør Målfrid Kallekleiv tlf. 55393666.

For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bergen fengsel orgnr: 974727730
Kort om arbeidsgiver

Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.

Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.

Kriminalomsorgen region vest omfattar fem fengsel, tre friomsorgskontor, ein overgangsbustad og Senter for narkotikaprogram med domstolskontroll. Region vest har ca. 500 tilsette i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Regionadministrasjonen ligg i Bergen.

Bergen fengsel er eit av dei største fengsla i landet. kvinner og menn kan sone i Bergen fengsel. Bergen fengsel har fokus på individuell fangehandsaming og tverrfagleg samspel.
 

 

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Miljøarbeidere
Sted HYLKJE (Adresse: Steinestøvegen 401 Postnr: 5109)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 22-09-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/6cd0e505-0f0b-4ebe-bd39-9dc010645c31
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/267060