Miljøterapeut 82% fast stilling – Alver kommune
Health and social care Miljoarbeidere(3 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 21-11-2024
Deadline: 12-12-2024
Miljøterapeut 82% fast stilling
Om Stillinga
Vi har ledig 82% stilling som miljøterapeut med moglegheit for auke av stillingsprosent. Som miljøterapeut blir du ein viktig del av det aktive fagmiljøet på Stallanemarka burettslag. Du vil få ta del i utviklingsarbeid, systemarbeid, samt vere med i arbeidet med å implementere rettleiar: Gode helsetenester.
Deler av stillinga inneber oppfølging av enkelte tenestemottakarar i det daglege. Turnusen er lagt opp slik at du har for det meste langvakter (14 timer) og fri kvar 4. veke.
Krav til stillinga
- Helse- og sosialfagleg eller pedagogisk utdanning på høgskulenivå (vernepleier/sjukepleiar/barnehagelærar/sosionom/barnevernspedagog evt andre etter ei konkret vurdering)
- Relevant praksis frå habiliteringsfeltet
- For søkjarar som ikkje er autorisert vernepleiar/sjukepleiar er det krav om dokumentert erfaring frå habiliteringsfeltet, inkludert erfaring med kapittel 9 og arbeid med nevrodiversitet.
- Krav om minst 30 studiepoeng rettleia praksis i studietida.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne, tilsvarande minimum nivå B2.
- Grunnleggjande IKT-ferdigheiter.
- Politiattest må leggjast fram før tiltreding, jf. Helse- og omsorgstenestelova § 5-4.
Det er eit føremon om du har
- Erfaring med Kap. 9
- MAP eller anna lavaffektiv tilnærmingsmetode
- Utvida erfaring med autismespekter (nevrodivergent)
- Rettleiingskompetanse
Kven er du?
Du er initiativrik, stødig og har eit brennande engasjement for arbeid med menneske med utviklingshemming. Du må trivast med å arbeide strukturert og variert, samt ha evne til å halde hovudet kaldt og vere løysingsorientert når det oppstår uforutsette situasjonar.
Våre bebuarar har behov for positive, omsorgsfulle, sporty, engasjerte og strukturerte folk rundt seg. Hos oss er det fokus på innhaldsrike dagar med individuelt tilpassa tenester, tilrettelagt kommunikasjon og aktivitetar der bebuarane er i sentrum.
Vi søkjer deg som likar ansvar, er fagleg engasjert og tek utfordringar på strak arm. Saman har vi som mål å levere tenester av høg fagleg kvalitet!
Vi tilbyr
- Fagleg spannande arbeid
- Mentor som følger deg opp de første 6 månedene
- Aktivt og dyktig tverrfaglig miljø
- Årsturnus
- Vernepleiarar i Alver kommune ligg 9000 over minstelønnsgarantien til KS. Sjukepleiarar i Alver kommune ligg 10 000 over minstelønnsgarantien til KS
- Ein dynamisk og spanande arbeidshverdag med gode høve for å komme seg opp og frem i faget
- Gode forsikrings- og pensjonsordninga
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Alver kommune orgnr: 988240818 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Habiliteringstenester i Alver kommune gir tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.
|
Webside | https://www.alver.kommune.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Miljøarbeidere |
Sted | ISDALSTØ (Adresse: Lonsvegen 70 Postnr: 5914) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 12-12-2024 |