Miljøterapeut 2×100 % stilling (vikariat) – Buteneste midtre, Ålesund kommune

Health and social care Miljoarbeidere

(15 timer siden)

  • ÅLESUND
  •  Lagt til dato: 10. oktober 2024
  •  Expire date: 27. oktober 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 10-10-2024
Deadline: 27-10-2024

 

Miljøterapeut 2×100 % stilling (vikariat)

Stillingane ligg til avdeling Ratvika. Dei tilsette skal gi heildøgns omsorg til menneske med ulike funksjonsvariasjonar, som til dømes utviklingshemming.
2 x 100 % vikariat. Turnusordning med langvakter 3 på 7 fri, 4 på 7 fri. Arbeid kvar 3.helg. Et ungt og trivelig miljø, varierte arbeidsoppgaver.

Stillingane er ledige fra medio januar 25, tidligere oppstart kan avtales.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeide målretta saman med den enkelte tenestemottakar, pårørande og kollegaer for å ivareta den enkelte sin rettstryggleik.
  • Bistå til at tenestemottakar får individuelt tilpassa tenester og ein meiningsfull og aktiv kvardag. Du må kunne bruke aktivitet og kulturopplevingar som helsefremjande tiltak.
  • Miljøarbeid, herunder praktisk bistand i tenestemottakarane sine leiligheiter.
  • Levere tenester i tråd med vedtak, lovverk, fagleg anarkjent metodikk og etiske retningsliner, samt kommunenes verdiar og målsettingar.
  • Helseoppfølging, herunder medisinansvar. Legemiddelhandtering etter delegasjon.
  • Arbeide etter fagadministrative system (Helseplattformen, Compilo).
  • Inneha rolle som koordinator eller primærkontakt, kunne leie samarbeidsmøter eller ansvarsgrupper.
  • Gje rettleiing til og opplæring av nye kollegaer.
  • Halde deg kontinuerleg oppdatert ved bruk av t.d mail og Teams.
  • Vere lojal mot system og metodar, og utføre oppgåver som vert delegert.

Kvalifikasjonar

Følgande kvalifikasjonar vert føretrekt:

  • Autoriasjon som vernepleiar eller sjukepleiar
  • Andre miljøterapeutar med utdanning innan helse, sosialfag eller pedagogiske fag.
  • 3-årig utdanning innen helse og sosialfag på vidaregåande nivå.
  • Det er ein fordel om du kan vise til erfaring frå arbeid med menneske med utviklingshemming.
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå kap. 9 i Helse og omsorgstenestelova. 
  • Meistre norsk godt, både skiftleg og munnleg.
  • God digital og velferdsteknologisk kompetanse, eller evne til å lære seg dette.
  • Førerkort kl. B, til ein av stillingane er det eit krav om å ha sertifikat på manuell gir
  • Krav om politiattest av ny dato.

Personlege eigenskapar

  • Kunnskap, interesse for og erfaring frå arbeid med målgruppa.
  • Engasjert, fleksibel og løysingsorientert.
  • Gode  kommunikasjons og samarbeidsevne.
  • Evne til å arbeide målretta, systematisk og sjølvstendig.
  • Du motiverer, inspirerer og tek ansvar for at vi saman oppnår god fagleg og etisk standard.
  • Du må vere ein positiv kultur- og haldingsbærar.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, og i team.

Vi tilbyr

  • Faglege utfordringar, varierte og givande arbeidsoppgåver.
  • Eit godt arbeidsmiljø.
  • Arbeid i turnus.
  • God opplæring og oppfølging.
  • Løn etter gjeldande tariff.

Kontaktinformasjon

Raina Vorren, Avdelingsleiar, 948 87 807, raina.vorren@alesund.kommune.no
Wenche Karin Åsmo Brandt, Verksemdsleiar, 954 32 994, wenche.karin.asmo.brandt@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Øvste Ratvik 7
6016 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune

Referansenr.: 4869957016
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Buteneste midtre, Ålesund kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Webside http://www.alesund.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Miljøarbeidere
Sted ÅLESUND (Adresse: Øvste Ratvik 7 Postnr: 6016)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 27-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/2c380ee1-cabb-413d-bff8-98096adbf08a
IMPORTAPI