Miljørettleiar – Gulen kommune

Education Forskolelaerer

(5 måneder siden)

  • BYRKNESØY
  •  Lagt til dato: 30. juni 2024
  •  Expire date: 23. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 30-06-2024
Deadline: Unknown

 

Miljørettleiar

Om stillinga 

Ynskjer du ein spanande og variert arbeidskvardag kor du får moglegheit til å skape magiske dagar for og med born og vaksne? Då er kanskje dette ei stillig for deg! 

Gulen kommune, for tida ved Byrknes barnehage og skule, har ledig i inntil 100% fast stilling som miljørettleiar frå august 2024 av. Stillinga vil i hovudsak vere knytt til arbeid ved skule og SFO, men arbeid i barnehage kan verte aktuelt ved behov. Miljørettleiaren vil vere ein viktig ressurs i oppfølginga av einskildelevar og grupper, og aktivitetar kring elevane.

Me tilbyr bonus 

Gulen Kommunen tilbyr bonus på 100 000,- ved bindingstid i to år i denne stillinga, ved fast tilsetjing. Bonus vert utbetalt ratevis gjennom dei to fyrste åra. 

Arbeidsoppgåver

  • Styrking i ulike klassar
  • Oppfølging av enkeltelevar og elevgrupper
  • Kartlegging, observasjon og analyse av elevåtferd 
  • Ta initiativ til, samt legge til rette for, aktivitetar
  • Planlegge, gjennomføre, følgje opp og dokumentere tiltak for å sikre eit godt skulemiljø
  • Andre oppgåver etter behov

Kvalifikasjonskrav

  • 3-årig høgskuleutdanning innan relevante fagretningar. Andre kan også søkje, og verte vurdert for mellombels tilsetjing  
  • Kompetanse/erfaring frå arbeid med barn
  • Erfaring med arbeid i skule er ynskjeleg 
  • Gode norskspråklege ferdigheiter, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar 

  • Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med elevane, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
  • Har godt humør og kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø og læringsmiljø for både elevar og kollegaer
  • Har god endringskompetanse, er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna 

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Gulen kommune orgnr: 914309506
Kort om arbeidsgiver

Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.

Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.  

 

Webside https://www.gulen.kommune.no/
Bransje Utdanning
Yrke Førskolelærer
Sted BYRKNESØY (Adresse: Nordre Garden 24 Postnr: 5970)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist Unknown


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/9d3853d0-193e-456b-8a94-7c0c24d056be
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/251199