Miljørettleiar – Bjerkreim skule

(4 dager siden)

  • BJERKREIM
  •  Lagt til dato: 26. mars 2025
  •  Expire date: 10. april 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 26-03-2025
Deadline: 10-04-2025

Miljørettleiar

Vi har eit ledig vikariat som miljørettleiar. Har du lyst å gjera ein forskjell i barna sitt liv, håpar vi du vil søka hos oss.

Vi søkjer ein trygg og relasjonskompetent miljørettleiar til eit 77 prosent-vikariat. Stillinga inneber arbeid både i skulen og på SFO, og følgjer skuleruta. 

Arbeidsoppgåver

  • Du får ei viktig rolle i arbeidet med barn som har behov for ekstra støtte i skuledagen sin, og på SFO. 
  • Dette gjeld både i læringsarbeid i timane og i det sosiale samspelet, og på den måten bidra til å førebygga konfliktar blandt elevane, og jobba for å laga eit trygt og godt klasse- og skulemiljø.
  • Arbeidet går føre seg både individuelt, i grupper og i klasserom saman med andre tilsette.
  • Du vil bidra aktivt inn i team rundt elevar og samarbeide tett med lærarar, miljøpersonell og føresette. Din faglege vurdering og tilstadevering er viktig i arbeidet med å skapa trygge rammer, god struktur og inkluderande læringsmiljø. 
  • Det inngår òg noko praktisk tilrettelegging og dokumentasjon til oppfølging av enkeltelevar. Du deltek på trinnmøte og fagleg samarbeid på skulen.

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgskuleutdanning på bachelornivå, med sosialfagleg og/eller spesialpedagogisk kompetanse. Dette inneber kunnskap om barn sine sosiale og emosjonelle utvikling, relasjonar og oppvekstmiljø, samt evne til å forstå og leggja til rette for barn med særskilde behov.
  • Erfaring frå arbeid med barn i grunnskule/SFO er ein fordel.
  • Gode ferdigheiter i relasjonsbygging, samarbeid og strukturert arbeid.
  • Vi legg vekt på personlege eigenskaper.
  • Søkarar med andre morsmål enn norsk må gjere greie for evna til skriftleg og munnleg framstilling. Vi legg vekt på språknivå i tilsettingsprosessen.

Personlege eigenskapar

  • Du er trygg og tydeleg i møte med barn.
  • Du er fleksibel, løysingsorientert og fagleg nysgjerrig.
  • Du er ansvarsbevisst og pliktoppfyllande.
  • Du har engasjement for inkluderande fellesskap og tidleg innsats.
  • Du har god evne til samarbeid og kommunikasjon.
  • Du er ein aktiv bidragsytar i det sosiale miljøet på skulen.

Vi tilbyr

I Bjerkreim kommune får du:

  • Fagleg fellesskap med dyktige og engasjerte kollegaer.
  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver.
  • Løn etter gjeldande avtaleverk.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Tilbod om relevante kurs og vidareutdanning.

Kontaktinformasjon

Karen M Ollestad, Rektor, +47 51 45 93 83

Arbeidssted

Odlandsvegen 4
4387 BJERKREIM

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bjerkreim kommune

Referansenr.: 4943474623
Stillingsprosent: 77%
Vikariat
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 10.04.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bjerkreim skule orgnr: 974623536
Kort om arbeidsgiver

Bjerkreim kommune er en del av region Dalane som ligger i den sørlige delen av Rogaland. Kommunen ligger tett ved E39, og det gjør det enkelt å komme frem. Vi er en liten kommune i folketall med om lag 2800 innbyggere, men blant de største i Rogaland når det kommer til areal.

Vi opplever at innbyggerne er stolte av, og glade i, kommunen sin. Det lokale engasjementet er stort, til det beste for kommunen. Bjerkreim kommune har en tett organisasjon, som gjør det enkelt å komme i kontakt med de ulike tjenesteområdene en skulle ha behov for. Vi har mye flott natur, ledige boligtomter, ledig næringsareal, veldig høy sysselsetting – og vi har rom for mer. I dette ønsker vi oss så vel nye, gode, kompetente medarbeidere, som nye innbyggere velkommen.

Bjerkreim skule ligger i flott og variert natur som gir et godt utgangspunkt for ulike aktiviteter for små og store. Vi har ca. 120 omsorgsfulle og engasjerte elever og dyktige samarbeidende ansatte. Skolens visjon er Saman for meistring, og dette gjennomsyrer måten vi jobber på. Verdiene våre trygg, aktiv og læring er med på å bygge opp om dette. Elevene på Bjerkreim skule har hver sin Chromebook som brukes for variasjon i undervisningen.

Webside https://www.bjerkreim.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Miljøarbeidere
Sted BJERKREIM (Adresse: Odlandsvegen 4 Postnr: 4387)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse 01-08-2025
Søknadsfrist 10-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e832a2a4-0eb6-4456-a75d-cc1ec3e333ba
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31