Miljøarbeidar – Vindafjord kommune Rus og psykiatri
Health and social care Andre helseyrker(1 uke siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 14-11-2024
Deadline: 02-12-2024
Miljøarbeidar
Me søker:
MIljøarbeidar i ca. 30% fast helgestilling til Hauatunet bufellesskap.
Arbeid 6. kvar helg på natt og 6. kvar helg langvakt på dag og kveld.
Hovudarbeidsoppgåver:
- Miljøarbeid, tilrettelegging og hjelp til daglege gjeremål, behandling, individuelle samtalar, rettleiing, forholda seg til nye retningslinjer, samarbeid med andre tenester kommunalt/interkommunalt m.m.
Kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar med vidareutdanning i psykisk helse og rusarbeid
- Relevant erfaring frå psykisk helsearbeid og liknande bufellesskap
- Søkar må ha sertifikat, bruk av eigen bil kan førekomme.
- God IKT kompetanse og eraring med elektroniskpasientjournal
Personlege eigenskapar:
- Engasjert og løysingsorientert
- Har gode kommunikasjonsevner og relasjonelle ferdigheiter som gjer ein i stand til å snakke med bebuarane, deira pårørande, kollegaer og samarbeidspartnarar
- Har ein robust, trygg og open personlegheit, og har god arbeidskapasitet
- Utholdande og tolmodig
- Har god evne til å skape gode samarbeidsrelasjonar
- Har evne til å arbeide sjølvstendig og i saman med andre og er reflektert
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
Me kan tilby:
- Variert arbeid i eit positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Tilbod om gunstig mobilabonnement
- Bedriftskunstlag
- Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Lønsvilkår:
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar:
Hauatunet er eit kommunalt døgnbemanna bufelleskap i Ølen med 8 husvære for personar med psykiske utfordringar.
Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO