Miljøarbeidar – Svortland skule, Bømlo kommune
Health and social care Andre helseyrker(1 dag siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 21-11-2024
Deadline: 05-12-2024
Miljøarbeidar
Svortland skule søkjer etter miljøarbeidar i 60% fast stilling frå 01.01.2025 eller etter avtale.
Stillinga vil vera både i skule og SFO. Me ser etter deg som er glad i barn og unge, og som ynskjer å utvikle gode inkluderande miljø i skule og SFO.
Svortland skule er ein to-parallell barneskule med 293 elevar og 52 tilsette. Det er 95 barn som nyttar SFO ordninga vår for 1. – 4. trinn.
Arbeidsoppgåver
- Miljøarbeidaroppgåver i undervisningssituasjonar og aktivitetsleiar for elevgrupper i SFO tida
- Oppfølging av elevar med særskilde behov i eit heilskapleg inkluderande elevmiljlø
- Planlegging og gjennomføring av aktivitetar for elevar både inne og ute
Bømlo kommune har ein stillingsinstruks for miljøarbeidarar som konkretiserar desse arbeidsoppgåvene.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller helsefagarbeidar
- Relevant erfaring frå arbeid med barn og unge er ein fordel
- Andre med relevant erfaring eller utdanning kan også søkje og bli vurdert.
Personlege eigenskapar
Me søkjer etter ein lagspelarar som er god til å samarbeide. Du må ha god relasjonskompetanse og vera glad i å vera saman med barn. Du må kunne ta ansvar og jobbe sjølvstendig. Du må vera ein tydeleg og god rollemodell for elevane, vera fleksibel, løysingsorientert og tolmodig. Du må kunne legge til rette for og følgja opp leik og aktivitetar for elevar både inne og ute, i både skule -og sfo tid. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetjing.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Me tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
- Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben
Andre opplysingar
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Opplæringslova § 10-9
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med (tittel/namn til leiar for stillinga)
Kontaktinformasjon
Kari Østensen, 993 86 606
Arbeidsstad
Idrettsvegen 100
5430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommune
Referansenr.: 4887712170
Stillingsprosent: 60%
Fast
Søknadsfrist: 05.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Svortland skule, Bømlo kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Berekraftige Bømlo er vår visjon! Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar. Pensjon Forsikring |
Webside | http://www.bomlo.kommune.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Andre helseyrker |
Sted | BREMNES (Adresse: Idrettsvegen 100 Postnr: 5430) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 05-12-2024 |