Stillingsbeskrivelse

Published 20-11-2024
Deadline: 08-12-2024

 

Miljøarbeidar psykisk helse- og rustenesta avd Plassen

Psykisk helse- og rustenesta avdeling Plassen har ledig:

1 x 70% fast stilling som miljøarbeidar

1 x 64% fast stilling som miljøarbeidar

1 x 61% fast stilling som miljøarbeidar

 

Avdeling Plassen er forsterka bustader for personar med utfordringar innan rus og psykisk helse. Avdelinga ligg i Sogndal, har 7 bueiningar, samt fellesareal. Plassen er døgnbemanna og har turnus med langvakter (14 og 13 timar), samt døgnvakter og vakande nattevakter.

Det er ledige 3 stillingar med langvakter og arbeid kvar 4.helg.

 

 Arbeidsoppgåver og ansvar:

  • Målretta miljøterapeutisk arbeid
  • Praktisk hjelp til bebuarane i det daglege
  • Tilsyn med bebuarar på dag og natt
  • Medikamenthandtering
  • Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk
  • Samarbeid med andre viktige aktørar i brukar sitt liv
  • Aktiv deltaking i utforming av nye tiltak og oppfølging av desse

 

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning som helsefagarbeidar med norsk autorisasjon
  • Førarkort klasse B er eit krav
  • Erfaring frå liknande arbeid er ynskjeleg

 

  • Gode norskkunnskapar
  • Politiattest av nyare dato ved tilsetting

 

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å arbeide målretta, strukturert, fleksibelt og sjølvstendig
  • Evne til å skape relasjonar der dette er vanskeleg
  • Er fleksibel og reflektert, og kan takle ulike situasjonar og hendingar
  • Gode samarbeidsevner og evne til å både gje og ta imot rettleiing
  • Positiv og støttande kollega
  • Fagleg interesse og engasjement

 

Personlege eigenskapar vil i stor grad bli vektlagd

 

Det er eit overordna mål å sikre brukarane ein trygg og føreseieleg kvardag der tenesteutøvinga bidreg til rammer og kontinuitet. Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar som respekt, toleranse, tolmod og evne til å handtere krevjande situasjonar. Dette i godt samarbeid med brukarar, og kollegaer internt og eksternt.

Som tilsett vert det forventa at du har evne til å setje deg inn i, og handle ut ifrå, brukar sine samansette behov og at du bidreg til trivsel og godt miljø.

 

Me tilbyr:

  • Varierte og spanande arbeidsoppgåver i ei teneste i utvikling og under oppbygging
  • Samarbeid med faglege dyktige medarbeidarar
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Lønn etter tariffavtale

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sogndal kommune Psykisk helse og rus orgnr:
Kort om arbeidsgiver Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn.
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.

Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted SOGNDAL (Adresse: Postnr: 6856)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 3
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 08-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/01dafeae-ba2b-4be4-a63f-fa9574c81601
IMPORTAPI