Miljøarbeidar natt – fast – – Hågålia botjeneste psykisk helse og rus, Midt-Telemark kommune
Health and social care Andre helseyrker(1 dag siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 17-11-2024
Deadline: 02-12-2024
Miljøarbeidar natt – fast –
Ønskjer du ein spennande og samfunnsnyttig jobb? Vi har behov for vaken nattevakt i butenesten i avdeling Bo og mestring. Dette er stillinga for deg som trivast med nattarbeid, som likar å jobbe sjølvstendig og har god relasjonskompetanse.
Butenesten yter tenester til menneske med psykiske lidingar og/eller avhengighetsproblematikk, og nattevaktstillinga er lokalisera til bufellesskapet Hågålia i Bø. På Hågålia er vi opptatt av brukarmedverkand og det å sjå kvar enkelt sine ressursar for at ein skal meistre sin kvardag best mogleg. Som nattevakt er du med på å sikre god døgnrytme, struktur og tryggleik. Stillinga er i turnus med arbeid kvar tredje helg.
Arbeidsoppgåver
- Være ein trygg omsorgsperson på natt
- Tilsyn og oppfølging av brukarar
- Oppfølging av gjeldande planverk og dokumentasjon
- Ved behov kan andre arbeidsoppgåver bli tillagt stillinga
Kvalifikasjonar
Krav til kompetanse
- Fortrinnsvis helsefagarbeider eller annen relevant utdanning innen helse- og sosialfag
- Andre med relevant kompetanse og egnethet vil bli vurdert
Ønska kompetanse
- Relevant kompetanse innanfor fagfeltet psykiatri
- Erfaring frå arbeid innanfor psykisk helse og rus, og forståing for brukargruppa
- Førerkort kl. B
Særskilde krav
- Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
- Medisinkurs som gjennomføres ved oppstart
Personlege eigenskapar
- Kunne jobba sjølvstendig
- Være ansvarsbevisst
- Være fleksibel
- God relasjonskompetanse
- Gode kommunikasjonsferdigheiter
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
- Møteverksemd på dagtid sammen med resten av personalgruppa samt eigne nattevaktsmøter
- E-læringskurs for nytilsette i Midt-Telemark kommune
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
- Gode forsikring- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
Kontaktinformasjon
Beate Bjørkås, Avdelingsleiar, +47 97622292
Arbeidsstad
Gamleveg 80
3802 Bø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune
Referansenr.: 4884985556
Stillingsprosent: 72%
Fast
Startdato: 01.02.2025
Søknadsfrist: 02.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Hågålia botjeneste psykisk helse og rus, Midt-Telemark kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa. Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet. |
Webside | https://midt-telemark.kommune.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Andre helseyrker |
Sted | BØ I TELEMARK (Adresse: Gamleveg 80 Postnr: 3802) |
Stillingstype | Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 01-02-2025 |
Søknadsfrist | 02-12-2024 |