Miljøarbeidar – Bufellesskap Øystese 

Health and social care Andre helseyrker

(2 dager siden)

  • ØYSTESE
  •  Lagt til dato: 18. september 2024
  •  Expire date: 13. oktober 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 18-09-2024
Deadline: 13-10-2024

 

Miljøarbeidar

Er du engasjert, initiativrik og trygg? Då kan du vera den me søkjer etter.

Me søkjer helsefagarbeidar til 100 % fast stilling som miljøarbeidar frå oktober 2024. Stillinga er knytt til bufellesskap Øystese: Utsikten, Gropa, Gropflaten, Stoppelsgjerd og Bergtun. Stillinga er for tida i todelt turnus der ein del vakter er seinvakter, arbeid 3. kvar helg. 

Me ønskjer å bidra til at:

  • Tenestemottakarane kan oppretthalda god livskvalitet
  • Ha gode relasjonar til dei rundt seg
  • Ta del i meiningsfullt arbeid og aktivitet

Me har eit godt arbeidsteam med erfaring og utdanning på tvers av ulike fagkompetansar. Gruppa gjev teneste til personar i 5 ulike bufellesskap. Saman skal me gje bebuarane våre den beste plass å vera. Du vil møta mottakarane i alle aspekt av livet; på jobb, skule og i heimen, til kvardag og til fest, i gode og i dårlege dagar. Mykje av arbeidet vårt foregår i team.

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av kvar enkelt bebuar sitt behov for hjelp og omsorg
  • Ta del i dagleg drift av bufellesskap og heimetenester til menneske med utviklingshemming
  • Samarbeid med interne og eksterne støtteapparat 
  • Legemiddelhandtering 
  • Primærkontaktansvar 
  • Bidra i målretta miljøarbeid og dokumentasjon

Kvalifikasjonar

Me ønskjer oss ein medarbeidar med god fagkompetanse og eit sterkt engasjement for miljøarbeid

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Lærlingar i helsefag siste lærehalvår vert oppmoda om å søkja
  • Er du interessert i å ta utdanning som helsefagarbeidar medan du er i jobb hos oss, kan du vera aktuell for ei stilling som pleiemedarbeidar. Me ser etter deg som har genuin interesse for faget og er motivert for å ta utdanning innan helse og omsorg
  • Ønskjeleg med arbeidserfaring innan fagfeltet
  • Førerkort klasse B
  • Du må kunne arbeida sjølvstendig og i team 
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne og tydeleg kommunikasjon
  • Norsk kunnskap må tilsvare minst B1

Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden. Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar.

Personlege eigenskapar

Me ynskjer oss deg som har:

  • gode relasjons- og kommunikasjonsevner
  • evne til arbeida med målretta miljøarbeid, er systematisk og ryddig som person
  • gjennomføringsevne og vilje til jobba aktivt i forhold til å fremja sjølvbestemming og meistring hjå brukar 
  • gode haldningar, god lagspelar og kollega
  • er fleksibel

Vi tilbyr

  • Spanande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Eit godt og inkluderande fagmiljø
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

Generell informasjon 

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn.

Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.  

Kontaktinformasjon

Ester Aalvik Hauger, Leiar bufellesskap Øystese, 906 41 401

Arbeidsstad

 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad

Referansenr.: 4859589032
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bufellesskap Øystese  orgnr: 974577356
Kort om arbeidsgiver

Oppdag Kvam – framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.

Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.

Ein kommune for framtida
Kvam satsar på barn og unge og er Årets ungdomskommune i 2024. Me har to vidaregåande skular, og ein ny, moderne vidaregåande skule er under bygging i sentrum av  regionsenteret vårt Norheimsund.

Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid. 

Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam – i hjarta av Hardanger! Les meir

Webside http://www.kvam.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Andre helseyrker
Sted ØYSTESE (Adresse: Postnr: 5610)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 13-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/95e21fbb-83a3-4539-966c-91f8aace2643
IMPORTAPI