Miljøarbeidar – Avdeling Dalebu, Haram kommune

Health and social care Andre helseyrker

(15 timer siden)

  • BRATTVÅG
  •  Lagt til dato: 10. oktober 2024
  •  Expire date: 27. oktober 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 10-10-2024
Deadline: 27-10-2024

 

Miljøarbeidar

I kommunalområdet Livsløp har vi ledig 61,38 % fast stilling som miljøarbeidar i tenesteområdet psykisk helse og rus. Stillinga er for tida på natt ved Dalebu bustader og det er arbeid etter fastsett turnus med arbeidshelg kvar 3. helg.

Dalebu er eit døgnbemanna bu- og omsorgstilbod for personar med utfordringar innan psykisk helse og rus, og tilbyr langtids- og kortidsopphald. Der er 11 bueiningar knytt til Dalebu, samt at ein også yt tenester til andre busett i omliggande område.

Psykisk helse og rus er eit satsingsområdet i Haram kommune og det skal vere tett samarbeid med andre aktuelle tenester. Utvikling av tilbodet kan bidra til endring av arbeidsoppgåver. Målsettinga for tenesta er å bidra til at personar i målgruppa opplever mestring i eige liv, utifrå sine føresetnader. 

Haram kommune er ein ambisiøs kommune med gode heilskaplege tenester. Vi skal særleg ha fokus på å spele kvarandre gode, og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggarar og næringsliv.

Arbeidsoppgåver

Brukargruppa er variert i alder og oppgåvene vil variere utifrå behov, feks.:

  • Støtte og rettleiing i daglegdagse gjeremål
  • Støtte og rettleiing i utvikling av sosiale ferdigheter
  • Bidra til å sikre ein trygg kvardag med meiningsfylte aktivitetar
  • Samhandling med andre tenester og tilbod, internt og eksternt

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev i helsefag
  • Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid innan psykisk helse/ rus er ønskeleg
  • Kompetanse i bruk av dataverktøy er ein fordel
  • Gyldig politiattest og førerkort
  • God relasjonell kompetanse
  • Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt

Personlege eigenskapar

  • Tolmodig og omsorgsfull
  • Fleksibel og evne til å jobbe både sjølvstendig og i team
  • Interesse for tverrfagleg samhandling
  • God kapasitet
  • Møter faglege utfordringar med ei løysingsorientert innstilling
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Utfordrande og spanande oppgåver i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Eit tenesteområdet i utvikling
  • Mulighet til å bidra i viktig endringsarbeid
  • Mulighet for personleg og fagleg utvikling
  • Løn etter avtale
  • Pensjons- og forsikringsordning gjenno KLP
  • IA-bedrift

Kontaktinformasjon

Anita Lianes, Avdelingsleiar, 92665490, anita.lianes@haram.kommune.no
Laila Grytten, Tenesteleiar, 41248725, laila.grytten@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Strandgata 40
6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 4867848362
Stillingsprosent: 61,38%
Fast
Startdato: 01.11.2024
Søknadsfrist: 27.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Avdeling Dalebu, Haram kommune orgnr: 974619172
Kort om arbeidsgiver

Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund

Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre.
Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.

Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid.
Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.

Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.

Webside http://www.haram.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Andre helseyrker
Sted BRATTVÅG (Adresse: Strandgata 40 Postnr: 6270)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-11-2024
Søknadsfrist 27-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/904ce7f3-a408-47a0-94b0-8eb6ac64ae0f
IMPORTAPI