Stillingsbeskrivelse

Published 02-12-2024
Deadline: 16-12-2024

 

Miljøarbeidar/assistent Myklebust skule

Myklebust skule treng ein ansvarleg vaksen, ein miljøarbeidar/assistent, som kan vere tett på elevar som treng ekstra oppfølging i høve språkinnlæring, sosiale utfordringar eller med behov for individuelt tilrettelagt skulekvardag.

Vi søkjer etter nokon som har genuin interesse av å jobbe med barn i nær samarbeid med vårt pedagogiske personale. Saman skal vi legge til rette for gode skulekvardagar for alle våre elevar, uansett bakgrunn eller føresetnadar.

Brenn du for at born og unge skal trivast, kjenne seg trygge i eit godt skulemiljø, då treng vi deg. Som miljøarbeidar må du vere ein pådrivar for og bidra til å skape eit godt læringsmiljø for alle. Assistentoppgåvene inneber å støtte skulen sitt pedagogiske personale i arbeidet med tilrettelegging og gjennomføring av undervisninga.

Arbeidsoppgåver

Samarbeide med vårt pedagogiske personale, sette elevane sine behov først, og bidra til å gjere dine kollegaer gode og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.

Gje elevar med behov for særskilt norskopplæring oppfølging i tråd med opplegg frå SNO-pedagog.

Legge til rette for at elevane skal lære og utvikle seg, du fyl pedagogane sine planar, og bidreg til at elevane får struktur i sin skuledag, og betre forstår arbeidsoppgåvene sine.

Halde deg oppdatert på elevane sitt undervisningsopplegg, og tek ansvar for å aktivisere elevane i pauseaktivitetar og ute i friminutt uansett vêr. Du gjennomfører undervisningsøkter uansett fag, enten ein-til-ein eller i ei lita gruppe, etter rettleiing frå pedagogisk personale.

Framsnakking av våre elevar, våre føresette, dine kollegaer, skulen og nærmiljøet.

Kvalifikasjonar

  • Ynskjer søkjarar med fagbrev innanfor barne- og ungdomsarbeidar, miljøterapi eller som vernepleiar, men vil også vurdere annan bakgrunn
  • Erfaring frå arbeid med elevar innanfor autismespekter, psykisk utviklingshemming eller åtferdsutfordringar
  • Må kunne jobbe med å førebygge og handtere utfordrande og utagerande åtferd
  • Har kompetanse eller vilje til å tileigne deg kompetanse innanfor alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)
  • Strukturert og endringsvillig
  • Har gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
  • Er tilgjengeleg i tida 07:20-17:00, kvardagar, gjennom heile skuleåret 
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Eit inkluderande menneskesyn, er raus og motiverande
  • Godt humør, og evne til å prioritere i ein hektisk kvardag
  • Har god systemforståing og skjønar di rolle som miljøarbeidar/assistent
  • Er ambisiøs på vegne av elevane, kollegaer og deg sjølv
  • Gode samarbeidsevner, fleksibilitet
  • Toler høgt arbeidstempo og krevjande utfordringar
  • Ein tydeleg, trygg og føreseieleg vaksen med interesse for elevar med spesielle behov
  • Løysingsorientert

Vi tilbyr

  • Å bli ein del av kollegium som saman bygger eit godt fagmiljø under kontinuerleg utvikling
  • Å vere ein del av eit lærande team rundt våre elevar
  • Eit godt, inkluderande kollegium, med høg kompetanse
  • Kjekke elevar og engasjerte føresette
  • Høve til å hauste verdifull erfaring og opparbeide kompetanse i arbeid med elevar med ulike utfordringar, enten det gjeld språk, sosialt eller åtferd

Løn etter gjeldande tariffavtale, gode pensjonsordningar.

Kontaktinformasjon

Lena Landsverk Sande, Rektor Myklebust skule, 95552384, lena.landsverk.sande@vanylven.kommune.no

Arbeidsstad

Kvia 22
6140 Syvde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vanylven kommune

Referansenr.: 4888733442
Stillingsprosent: 65%
Engasjement
Startdato: 06.01.2025
Sluttdato: 30.06.2025
Søknadsfrist: 16.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vanylven kommune, Kultur- og oppvekst orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 000 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Herøy, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar. 

Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar. 
Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar. 

Velkomen til å søkje hjå oss! 

Webside http://www.vanylven.kommune.no
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted SYVDE (Adresse: Kvia 22 Postnr: 6140)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 06-01-2025
Søknadsfrist 16-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/fe9e82c6-783d-437f-88d1-a206cc27744a
IMPORTAPI