Miljøarbeidar/assistent – Akuttpsykiatrisk post Haugesund sjukehus

Health and social care Andre helseyrker

(4 dager siden)

  • HAUGESUND
  •  Lagt til dato: 26. november 2024
  •  Expire date: 8. desember 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 26-11-2024
Deadline: 08-12-2024

 

Miljøarbeidar/assistent

Vi ser etter ein fagleg interessert og erfaren miljøarbeidar/assistent til vår akuttpsykiatriske post ved Haugesund sjukehus!

Denne posten er ei lukka eining som handterer øyeblikkeleg hjelp-innleggingar, og vår primæroppgåve er å motta menneske som opplever akutt psykisk sjukdom med varierte utfordringar. Vi jobbar for å sikre at dei som treng akutt bistand, mottar kvalifisert og forsvarleg hjelp og behandling.

Dette er ein fast stilling i to-delt turnus, med arbeid kvar tredje helg, med moglegheit for langvakt på helg. Vi oppmodar deg til å ta kontakt om du har spørsmål om stillinga.

Er du klar for å gjøre ein forskjell i livet til dei som treng det mest? Vi gleder oss til å høyre frå deg!

Arbeidsoppgåver

  • Miljøterapeutisk behandling på lukka døgnpost – pasientoppfølging, undersøkingar og somatisk oppfølgjing.
  • Kontakt med pårørande og barn som pårørande, kommune og andre samarbeidspartnerar. 
  • Delta på obligatoriske treningar i MAP.
  • Bidra til fagutvikling i eininga. 

Kvalifikasjonar

  • Interesse for arbeid med personar med alvorleg psykisk liding i akutt fase.
  • Utdanning og erfaring frå andre fagområder med relevans og overføringsverdi til akuttpsykiatrisk post.
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast med søknad.
  • Personleg eignaheit vert vektlagd.

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner og trivst med å arbeide i tverrfaglege team.
  • Tilpassingsdyktig og kan takla stressande situasjonar med ro og faglege haldningar.
  • Fagleg engasjement og interesse for å tilegna seg kompetanse gjennom kursing og strukturert trening i regi av eininga. 

Vi tilbyr

  • Ein spennande arbeidsplass med god tverrfagleg kompetanse innan psykisk helsevern.
  • Ei erfaren personalgruppe og fast ansatte spesialistar.
  • Ei avdeling i nye moderne lokalar, samlokalisert med somatisk akuttmottak, og med aktivt samarbeid med andre avdelingar på sjukehuset og psykisk helsevern. 
  • Rettleiing/undervisning og anledning til å bidra i fagutvikling.
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs-bedrift (IA-bedrift).
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.

 

Kontaktinformasjon

Rebekka Gregor, Funksjonsleiar Akuttpsykiatrisk post, 41863999
Håvard Wester Breistein, Avdelingsleiar, +47 93241877

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4885406833
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Akuttpsykiatrisk post Haugesund sjukehus orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Andre helseyrker
Sted HAUGESUND (Adresse: Karmsundgata 120 Postnr: 5528)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 08-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/c7f3f90d-b427-4dcb-80cc-6eb5b058e1ed
IMPORTAPI