Stillingsbeskrivelse
Published 23-04-2025
Deadline: 09-05-2025
MILJØ- OG KVALITETSRÅDJEVAR
Vi søkjer no etter miljø- og kvalitetsrådgjevar — er det du?
Er du nøyaktig, sjølvgåande og analytisk, trur vi du trivst i denne stillinga. Om du i tillegg har eit stort engasjement for bransjen og å ta vare på miljøet, håper vi du vil søkje på stillinga!
Litt om oss
NoMil skal vere ein hyggjeleg plass å arbeide, med sterk fokus på arbeidsmiljøet og at våre tilsette skal ha ein trygg arbeidsplass. Vi har fokus på HMS og ynskjer at du bidreg til at vi når våre mål.
NoMil søkjer no etter miljø- og kvalitetsrådgjevar med ansvar for oppfølging av den operasjonell miljøovervakinga i verksemda i tråd med gjeldande miljøkrav og utsleppsløyve.
Du vil i tillegg få oppgåver innan rapportering til myndigheiter og vere ein viktig ressurs innan miljøfaglege vurderingar, HMS og utvikling av berekraftige avfallsløysingar i verksemda.
Som miljø- og kvalitetsrådgjevar vil du og bli med å utvikle verksemda i tråd med overordna mål.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein miljø- og kvalitetsrådgjevar med høgare relevant utdanning, relevant arbeidserfaring kan det kompensere for manglande formell utdanning. Du har god planlegging- og gjennomføringsevne, arbeider systematisk med høg kvalitetsfokus.
Miljø- og kvalitetsrådgjevar må ha god kjennskap til gjeldande myndigheitskrav, miljøregelverk og erfaring innan ytre miljøarbeid. Du må beherske norsk og engelsk skrifteig og munnleg.
Vi tilbyr
· spennande og utfordrande oppgåver innan det grøne skifte i ein framtidsretta bransje
· ein attraktiv arbeidsplass med gode kollegaer
· Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
· gode pensjons- og AFP ordning gjennom KLP som og tilbyr gunstige private lån og forsikringar
Nomil er oppteken av å ha gode og ryddige forhold på arbeidsplassen, og gje god opplæring og personleg utvikling til våre tilsette.
Oppmøtestad er hovudanlegget i Eidsmona på Sandane i Gloppen kommune.
Nærare opplysningar får ein ved å vende seg til HR-leiar Alexander Wilke, 923 00 428 eller dagleg leiar Inge Bent Arnestad tel 959 72 144 eller, eller sjå www.nomil.no.
Søknad med CV skal sendast til e-post soknad@nomil.no og merka <
Søknadsfrist: 9. mai 2025.
DIVERSE INFO