Stillingsbeskrivelse

Published 18-12-2024
Deadline: 17-01-2025

 

Menighetspedagog / Barne- og ungdomsarbeider – 20 % fast stilling

Freistar det deg å overta og vidareutvikle ein god tradisjon som menighetspedagog for barn og unge, i fjellkommunen Vang? Me kan tilby kompetanse på fagfeltet, fleksibilitet i arbeidet og godt arbeidsmiljø. Du går inn i eit nært samarbeid med sokneprest og stab. Stillinga er ledig, så me ynskjer tilsetting så snart som mogleg.

Aktuelle arbeidsoppgåver

  • Planlegging og gjennomføring av tiltak i tråd med den pedagogiske planen vår
  • Samarbeid med sokneråd, stab og frivillige
  • Publisering og markedsføring
  • Ved ledig kapasitet avhjelpe med aktuelle oppgåver i arbeidsfellesskapet

Ynskja kvalifikasjonar

  • Utdanning og/eller erfaring innanfor pedagogikk og kristendom
  • Erfaring frå arbeid med barn og ungdom

Personlege eigenskapar

  • Du har initiativ og gjennomføringskraft
  • Du har evne og vilje både til å samarbeide og til å arbeide sjølvstendig
  • Du har evne til å motivere, inkludere og se frivillige som en viktig ressurs
  • Du er fleksibel i forhold til arbeidstid og arbeidsoppgåver

Særskilte krav:

  • Du må beherske norsk munnleg og skriftleg, samt ha grunnleggande kunnskap om dataverktøy
  • Du må være medlem av Den norske kyrkje og utføre tenesta i samsvar med Den norske kyrkjes ordningar, grunnverdiar og visjonar
  • Du må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil
  • I stillinga inngår kvelds- og helgearbeid
  • Den som tilsetjast vil bli bedt om å legge fram godkjent politiattest, jamfør trossamfunnsloven §20, og politiregisterloven §39, første ledd

Me kan tilby

  • Tilsetjing på vilkår av dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtaler
  • Eit godt arbeidsfellesskap
  • Løn etter KA’s tariffavtale
  • Medlemskap i KLP pensjonsordning
  • 6 månaders prøvetid

Spesielle vedtak

Teieplikt etter gjeldande reglar
Personleg eignaheit blir vektlagt

Spørsmål om stillinga kan rettast til:
Silje Hammerstad, Kyrkjeverje, mobil 902 42 171 eller sh466@kirken.no
Kristin Bakke Lajord, Fellesrådsleiar, mobil 911 58 656

Søknad med CV, vitnemål, attestar og referansar sendast via webcruiter innan 17.januar 2025

Me ynskjer og å informere om at me samtidig lyser ut ei 80% stilling som kontormedarbeider ved kyrkjekontoret, dersom det skulle være aktuelt å søke den stillinga i tillegg, for å fylle stillingsgraden: https://8007.webcruiter.no/Main/Recruit/Public/4898593175?link_source_id=0 

 

Vang kommune – ei flott kommune å bu i:

  • Ei storstilt satsing på barn og unge!
  • Ein kombinert barne – og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
  • Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og frå august 2024 er månadsprisen per barn 1500 kr
  • Helse og omsorgstenester av god kvalitet
  • Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
  • I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
  • Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete, med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
  • I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for ein kvar smak!
  • Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg! Vang blir sagt å ha «vestlandsfjell med austlandsklima», og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn.
    I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
  • I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
  • Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du på nettsida; vangivaldres.no
  • Meir info om arbeids – og bumarkedet i Valdres finn du på nettsida; valdres.no/velgvaldres

Kontaktinformasjon

Silje Hammerstad, Kyrkjeverje, +47 90242171
Kristin Bakke Lajord, Fellesrådsleiar, +47 91158656

Arbeidssted

Tyinvegen 5175
2975 VANG I VALDRES

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Vang kyrkjeleg fellesråd

Referansenr.: 4898601462
Stillingsprosent: 20%
Fast
Søknadsfrist: 17.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vang kyrkjeleg fellesråd orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vang høyrer til Valdres prosti i Hamar bispedømme. Vang er den vestlegaste av kommunane i Valdres, på grensa mot Sogn, og dermed midt mellom Oslo og Bergen. Me har ca. 1650 innbyggarar, med kulturskule, korps og kor, i tillegg til eit vidt spekter av anna frivillig arbeid. Kyrkja i Vang har 4 sokn; Heensåsen, Høre, Vang og Øye, med 6 kyrkjer – deriblant 2 stavkyrkjer og ei økumenisk fjellkyrkje.

Staben består av sokneprest, kyrkjeverje, kontormedarbeidar, kyrkjegardsarbeidar, organist og menighetspedagog. I tillegg har me kyrkjetenarar, klokkarar og reinhaldarar tilknytta kyrkjene. 

Webside http://www.kirken.no
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage- og skolefritidsassistenter
Sted VANG I VALDRES (Adresse: Tyinvegen 5175 Postnr: 2975)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 17-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/8480947a-e0aa-4a29-811e-af61bece06c1
IMPORTAPI