Medisinstudent med lisens – Nordfjord psykiatrisenter, Helse Førde
Health and social care Lege(2 uker siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 01-12-2024
Deadline: 05-01-2025
Medisinstudent med lisens
Nordfjord psykiatrisenter sine to døgnpostar har samla to ledige ferievikariat for medisinstudentar med lisens i ferieperioden: 23.06.2025 – 17.08.2025.
Seksjon rus har 10 døgnplassar og gjev tilbod om tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Sengeposten har ei tverrfagleg personalgruppe – her jobbar mellom andre psykolog, sosionom, overlege, lege i spesialisering, helsesportspedagog, fysioterapeut, erfaringskonsulent, miljøterapeutar og miljøarbeidarar.
Seksjon døgn har 12 døgnplassar og er ein felles psykose – og allmenpsykiatrisk døgnpost med ei tverrfagleg personalgruppe – her jobbar mellom andre psykolog, overlege, sosionom, lege i spesialisering, erfaringskonsulent, miljøterapeutar og miljøarbeidarar.
Kandidatar som kan jobbe heile ferieperioden kan bli prioriterte ut frå dette,det er difor viktig at dette vert oppgjeve tydeleg i søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Pasientansvarleg koordinator
- Pasientbehandling
- Dagarbeidstid mandag til fredag, vaktarbeid inngår ikkje i vikariatet
Kvalifikasjonar
- Gode kunnskapar i norsk, både skriftleg og munnleg
- Lisens, men kandidatar utan lisens kan også søkje
- Kandidatar som kan jobbe heile ferieperioden kan bli prioriterte ut frå dette, det er difor viktig at dette vert opplyst om tydeleg i søknaden.
Personlege eigenskapar
- Strukturert
- Sjølvstendig
- Gode kommunikasjonsevner
- Trivst med å jobbe i tverrfagleg team
- Personleg eigna vi lbli vektlagt
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- God opplæring
- Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
- Gratis bustad
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
#sommarjobb
#sommarjobbnordfjord
Kontaktinformasjon
Arild Krogh Nøstdal, Seksjonsleiar, 57864342/ 57864330
Synnøve Merethe Johnsen, Seksjonsleiar, 57864335/ 57864330
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 9
6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 4888347881
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 23.06.2025
Sluttdato: 17.08.2025
Søknadsfrist: 05.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Nordfjord psykiatrisenter, Helse Førde orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. |
Webside | https://www.helse-forde.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Lege |
Sted | NORDFJORDEID (Adresse: Sjukehusvegen 9 Postnr: 6770) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 23-06-2025 |
Søknadsfrist | 05-01-2025 |