Medisinskfagleg rådgivar – Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare

(5 timer siden)

  • MOLDE
  •  Lagt til dato: 19. november 2024
  •  Expire date: 8. desember 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 19-11-2024
Deadline: 08-12-2024

 

Medisinskfagleg rådgivar

Har du lyst til å bruke din kompetanse til å forbetre pasient- og rettstryggleik? 

 
Vi søker etter ein medisinskfagleg rådgivar i 100 % stilling frå 22. januar 2025 til 31. januar 2026. 
 
I vårt verksemdsområde sosial berekraft, har vi i dag eit legekollegium med fylkeslegen og ein assisterande fylkeslege.  Dei fleste oppgåvene våre løysast tverrfagleg. Dette gir gode høve til læring. Hos oss vil du få ei heilskapleg forståing av rolla vår i samfunnet, og du vil få høve til å samle erfaring med samfunnsmedisin og helsejuss. Hos oss vil du jobbe i team, på dagtid, og du vil få kjennskap til arbeidsoppgåver som klagebehandling, rettleiing og tilsyn.
 
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal er registrert som utdanningsinstitusjon for spesialisering i samfunnsmedisin. 

 

Hovudarbeidsområde

 
Stillinga vil primært ha oppgåver knytt til Statsforvaltaren sine oppdrag frå Statens Helsetilsyn og Helsedirektoratet. Døme på oppgåver:

  • handsame klagesaker, i nært samarbeid med kollega med tilsynsfagleg kompetanse 
  • i team gjennomføre tilsyn/undersøkingar med kommunane, spesialisthelsetenestene og evt. private aktørar for å kontrollere at dei gjennomfører sine plikter etter lovverket 
  • tvangsmedisineringsklager 
  • rådgjeving til helsepersonell, verksemder og publikum
  • fagleg bistand ved behandling av førarkortsaker
  • kvalitetsutvikling samt etablering og vedlikehald av faglege nettverk

Noko reiseaktivitet må påreknas, men embetet har ein policy som tilseier mindre reiseaktivitet og meir treffpunkt via digitale arenaer. 
 

Vi søker etter lege som har

  •     norsk autorisasjon som lege
    •     engasjement for pasienttryggleik og kvalitetsforbetring
    •     erfaring frå sakshandsaming/offentleg helseforvaltning
    •     klinisk erfaring og god kjennskap til norsk helseteneste

 

For at du skal trivast og lykkast i jobben er det viktig at du

  •     har gode samarbeidsevner, handlekraft og dømmekraft
  •     er initiativrik og sjølvgåande
  •     har god munnleg og skriftleg framstilling både på nynorsk og bokmål 

 

Søkarar vurderast på grunnlag av kvalifikasjonar, erfaring og personlege eigenskapar. 

 

 

Hos oss får du

  • løn som 1434 rådgivar med aktuell lønsplassering i staten sitt lønsregulativ, fastsett etter erfaring og kvalifikasjonar i samsvar med lokal lønspolitikk.
  • sjølvstendig og tverrfagleg arbeid med varierte og faglege interessante oppgåver i eit triveleg miljø 
  • gode moglegheiter for kompetanseutvikling 
  • godt kompetansemiljø i samarbeid med juristar, sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar, med fleire
  • familievennleg og fleksibel personalpolitikk utan vakt 
  • ein stabil arbeidsgivar med fleksibel arbeidstid
  • tilsetting etter gjeldande lover, instruksar og reglement. Dei første seks månadene er prøvetid
  • medlemskap i ei av landets beste pensjonsordningar, Statens pensjonskasse (SPK). Vi trekker 2 prosent av løna di, og i tillegg betaler vi eit innskot til pensjonsordninga di. I SPK får du særs gode pensjons- og forsikringsordningar samt gunstige vilkår for lån til bustad (https://spk.no/Medlemskap-i-SPK)
  • moglegheit for noko heimekontor når det er føremålsteneleg
  • høve til å trene i arbeidstida

 
Les meir om godane ved å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.difi.no/lonn-goder-og-reise
 
Som vår nye kollega vil du få ein utfordrande jobb i eit utviklande og godt fagmiljø
Vi bruker som hovudregel nynorsk som skriftspråk. Den som vert tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg. Utviklinga av organisasjonen vår er ein kontinuerleg prosess, og den som vert tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.

Mangfald

Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det. Har du ei funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla om du set kryss for dette når du søkjer stillinga. Du kan lese meir om dette på arbeidsgivarportalen (http://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling).

Praktisk informasjon om søknadsprosessen

Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt. Når søknadsfristen går ut, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er difor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er satt i utlysinga.
Det er viktig at du registrere all relevant utdanning og erfaring i profilen du opprettar i rekrutteringssystemet (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er mellom anna nødvendig for å ivareta kravet om fullstendig søkjarliste.
 
Relevante vitnemål og attester lastar du opp. Vitnemål og/eller karakterutskrifter kan du gjerne hente frå vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet, legg du ved godkjenning frå NOKUT/Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Vedlegg lastar du opp i PDF-format.
 
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfristens utløp. Om du ønskjer å reservere deg frå den offentlege søkjarlista, må du grunngje dette særskilt. For at vi skal kunne vurdere ønskjet ditt om reservasjon, må du grunngje konkret kva for ulempe det vil ha for deg å stå på den offentlege søkjarlista. Du vil bli varsla om ønsket ditt ikkje vert tatt til følgje. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du som søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25.  
 

Om oss

Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin fremste representant i fylket. Vi har ansvaret for å informere om statleg politikk og sette handlingsplanar ut i livet. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Dette gjeld innan kommuneøkonomi og forvaltning, sosial- og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap, helse, utdanning, landbruk og miljøvern. Vi er ein kompetansearbeidsplass med om lag 150 medarbeidarar som jobbar for visjonen vår «Trygg framtid for folk og natur».
 
For meir informasjon, kontakt rekrutterande leiar Karin Brigitte Müller Mikaelsen på telefon (Norge +47) 41495351.
Søknadsfrist: 8. desember 2024 
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Statsforvaltaren i Møre og Romsdal orgnr: 874746312
Kort om arbeidsgiver
Webside
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted MOLDE (Adresse: Postnr: 6412)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 08-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/cdf82dd2-a64a-48e8-b944-153c7adee1b5
IMPORTAPI