Medisinsk sekretær – Drift/teknisk divisjon/ Dokumentasjonsavdelingen/ Seksjon for medisinsk dokumentasjon, Helse Bergen
Health and social care Helsesekretaer(1 dag siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 03-12-2024
Deadline: 17-12-2024
Medisinsk sekretær
Dokumentasjonsavdelinga, Seksjon for medisinsk dokumentasjon, har ledig ein 100% fast stilling som medisinsk sekretær i teamet som arbeidar i posttenesta, resepsjon og utskriftsordninga.
Dokumentasjonsavdelinga har ansvar for det meste av føretakets medisinskfaglege dokumentasjon og har overordna ansvar for føretakets arkiv- og arkivsystem. Seksjonfor medisinsk dokumentasjon har mellom anna ansvar for posttenesta, skrive- og skannetenesta i pasientjournalsystemet DIPS, Innleggelsestelefonen samt medisinskfaglege merkantile tenestar i Mottaksklinikken.
Arbeidstida er måndag til fredag klokken 08.00-15.30.
Arbeidsoppgåver
- Betene resepsjonen
- Delta i posttenesta
- Delta i utskriftsordninga
- Handtering av andre oppgåver i pasientjournalsystemet DIPS
- Andre merkantile oppgåver
Kvalifikasjonar
- Det er eit krav om dokumenterte svært gode norskkunnskapar, både munnleg og
skriftleg - God IKT-kompetanse er ein føresetnad
- Helsefagleg bakgrunn som medisinsk sekretær er ein fordel, men annan bakgrunn kan vurderast
- Aktuelle søkjarar vil bli intervjua fortløpande. Oppstart i stillinga er januar 2025
- Den som søkar må ha sertifikat
Personlege eigenskapar
- Du arbeider godt både sjølvstendig og i team
- Du er imøtekommande
- Du er serviceinnstilt
- Du er strukturert og løysingsorientert
- Du har omstillingsevne og er god på å samarbeide
- Du har gode kommuniksjonsferdigheiter
- Du er fleksibel i forhold til arbeidsoppgåver
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Varierte arbeidsoppgåver
- Dyktige og engasjerte kollegaer
- Tverrfagleg samarbeid
- Svært god offentleg transportkommunikasjon
- Fleksitidsordning
- Treningsrom i Møllendalsbakken og også mogleigheit for å trene i bedriftsidrettslaget HSI
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Tove Janne Poulsen, Førstekonsulent, 98439562, tove.janne.paulsen@helse-bergen.no
Jeanette Rasmussen, Seksjonsleiar, 97046511, jeanette.rasmussen@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Møllendalsbakken 7
5009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen
Referansenr.: 4892128490
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Drift/teknisk divisjon/ Dokumentasjonsavdelingen/ Seksjon for medisinsk dokumentasjon, Helse Bergen orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. |
Webside | www.helse-bergen.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Helsesekretær |
Sted | BERGEN (Adresse: Møllendalsbakken 7 Postnr: 5009) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 17-12-2024 |