Medarbeidar Vang legekontor – Inntil 60 % fast stilling – Vang Kommune, Helse og omsorg
Health and social care Helsesekretaer(2 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 11-12-2024
Deadline: 05-01-2025
Medarbeidar Vang legekontor – Inntil 60 % fast stilling
Er du vår nye kollega ved Vang legekontor?
Me har inntil 60 % stilling ledig (du kan sjølv velje stillingsprosent frå 40-60 %). Arbeidsdagar pt er mandag, tirsdag og eventuelt onsdag.
Vang legekontor har tre fastlegar og tre medarbeidarar. Legekontoret ligg i kommunesenteret Vang, og er samlokalisert med psykisk helseteneste, helsestasjon, frisklivssentral, ergo- og fysioterapi, samt kommunepsykolog. Legekontoret har i tillegg til fastlegeteneste, legevakt på dagtid, kommuneoverlegefunksjon og andre kommunale legetenester.
Arbeidsoppgåver
- som medarbeidar på legekontoret har du varierte arbeidsoppgåver. Medarbeidarane vekslar mellom sentralbord, laboratorietenestar, skadestove og andre støttefunksjonar for legane.
- vurdere hastegrad når pasientane kontaktar legekontoret
- pasientretta aktivitet: EKG, spirometri, blodprøver, stell av sår og liknande
- yte praktisk hjelp til legane ved behov
- administrere timebøker
- kontorarbeid knytt til verksemda
- oppgåver knytt til helsetenester i mottak/flyktningehelse kan bli lagt til stillinga
- tilsette vil få tildelt ansvarsområder knytt til drift av legekontoret
Kvalifikasjonar
Me søkjer etter deg som innehar:
- helsefagleg utdanning på bachelornivå – grunna legevaktsfunksjon på dagtid.
- faglege forutsetningar for stillinga
- fortrinnsvis har relevant erfaring frå kommunehelseteneste, legekontor, legevakt og akuttmedisin
- har god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
- har gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- kunnskap om bruk av relevante datasystem og evne til å opparbeide god dataforståing
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som er:
- lærevillig
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- er strukturert og endringsvillig
- gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga blir vektlagt
Godkjent politiattest skal leverast ved tilsetjing
Vi tilbyr
- Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø med høgt fagleg fokus.
- Nye utfordringar kvar dag og gode kollegaer som gjerne hjelper deg.
- Løn etter tariff, og arbeidsvillkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tilsetjing på ordinære villkår som til eikvar tid gjeld i kommunal sektor
Kontaktinformasjon
Mari Kaspersen, Kommuneoverlege, 46846476, mari.kaspersen@vang.kommune.no
Arbeidssted
Tyinvegen 5150
2975 VANG I VALDRES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vang Kommune
Referansenr.: 4895810888
Stillingsprosent: 60%
Fast
Søknadsfrist: 05.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Vang Kommune, Helse og omsorg orgnr: 974597144 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vang kommune som arbeidsgjevar:
Å bu i Vang kommune:
Vang kommune er opptatt av mangfold og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det. |
Webside | http://www.vang.kommune.no/tenester/helse-og-omsorg/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Helsesekretær |
Sted | VANG I VALDRES (Adresse: Tyinvegen 5150 Postnr: 2975) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 05-01-2025 |