Medarbeidar i aktiviseringsteam – Åna fengsel

Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare

(21 timer siden)

  • NÆRBØ
  •  Lagt til dato: 30. oktober 2024
  •  Expire date: 17. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 30-10-2024
Deadline: 17-11-2024

 

Medarbeidar i aktiviseringsteam

Om stillinga

Åna fengsel har ledig ei fast, full stilling i aktiviseringsteam.
Medarbeidere i aktiviseringsteam arbeider to-skift med helgearbeid.

Vi ønsker at teamet skal være bredt samansett med tanke på erfaring og bakgrunn. Teamet kan bestå av fengselsbetjentar,
verksbetjentar og miljøarbeidarar.
Formålet med aktiviseringsteamet er å førebygge isolasjon og gi et tilbod om aktivitet til innsette som ikkje er aktivisert i ordinær
arbeidsdrift eller skole. Dette gjeld både innsette som er stengd ute frå fellesskapen av retten eller kriminalomsorgen, innsette som
isolerer seg sjølv på grunn av psykiske lidingar, lettare psykisk utviklingshemming eller av andre grunnar unngår fellesskap med
andre.

For å kunne arbeide i kriminalomsorga er det eit krav at opplæring i fysisk maktbruk blir bestått.

Som tilsett i aktiviseringsteam har du ansvar for dei innsette og tilsette sin tryggleik, hente inn og vurdere informasjon og
saksbehandling. Vidare skal du ha evne til tryggleikstenking, grensesetjing og konflikthandtering. Du må kunna opptre som ein
positiv rollemodell og rettleiar for dei innsette, og delta i målretta progresjonsarbeid med innsette.

Arbeidsoppgåver

Aktiviseringsteamet skal bidra til å førebygge isolasjonsskader og aktiviserer innsette som ikkje klarer å delta i ordinær arbeidsdrift og elles ville vært utan tilbod. Aktiviseringsteamet skal arbeide tett saman med avdelingsbetjentar og være en del av ei tverrfagleg gruppe med mellom anna tilsette frå servicetorg, helse og arbeidsdrifta. Teamet skal gi eit eigna tilbod til målgruppa, som fysisk aktivitet, fritidsaktivitetar, individuelle- og gruppeaktivitetar eller annan meiningsfull aktivitet og menneskeleg kontakt.
 

Aktivitetsteamet skal stå for oppfølging av innsette som er i fare for å isolere seg. Vidare står dei for kartleggingar og risikovurderingar. Teamet set og opp, og gjennomfører, vekeplanar for innsette med tanke på deira individuelle behov.
Aktiviseringa kan skje individuelt eller i grupper av varierande storleik med innsette med sær skilde behov, og større grupper der årsaka til
isolasjon er manglande tilbod i avdelinga.
 

Aktiviseringsteam skal forholda seg til dei særlig sårbare og hjelpetrengande innsette:
Innsette som ikkje er i stand til å nyttiggjera seg etablerte tilbod, som lett grad utviklingshemma og psykisk ustabile.
Innsette som har psykotiske gjennombrot i fengsel.
Innsette som er suicid -fare og/eller er i fare for å skade seg sjølv.
Innsette med paranoid beredskap og er til fare for andre.
Innsette som isolerer seg over tid med gradvis dårlegare psykisk helse.
 

Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.

Utdanning og erfaring

For fengselsbetjent (0264) gjeld:
Bestått fengselsbetjentutdanning frå Høgskulen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS
God kunnskap og erfaring i bruk av IKT – system eller verktøy
God munnleg og skriftleg framstillingsevne

For miljøterapeut (1201) gjeld
Sosialfaglig høgskule- eller universitetsutdanning, eller anna relevant utdanning frå høgskule eller
universitet på bachelornivå
Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid
God munnleg og skriftleg framstillingsevne
 

For miljøterapeut (0808) gjeld
Bestått 3-årig vidaregåande skule
Relevant yrkeserfaring
God munnleg og skriftleg framstillingsevne
God kunnskap og erfaring i bruk av IKT – system eller verktøy

For verksbetjent (0275) gjeld:
At du er tilsett som verksbetjent i kriminalomsorgen.
 

Ved tilsetjing vil samansetninga av teamet verta vektlagt.

Personlege eigenskapar

• Ha evne og vilje til å drive påverknadsarbeid
• Ha evne til å motivera personar i vanskelege livssituasjonar
• Ha god evne til å arbeida i team
• Vere kreativ
• Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
• Evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og systematisk med målgruppa
• Evne til å søkje gode løysingar for den enkelte, i samspel med kolleger, leiing og eksterne samarbeidspartnarar
• Tolmod, har ansvarskjensle og evne til å setje grenser.

Vi tilbyr

Meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
Gratis parkering og tilgang til el-bil ladar.

Miljøterapeut (1201) blir løna frå kr 460600 – 584 500
Miljøterapeut (0808) blir løna frå kr 443000 – 509300
Fengselsbetjent (0264) blir løna frå kr 443000 – 557 100
Verksbetjent (0275) blir løna frå kr 443000 – 557 100
Oppgitt løn er pr. år, avhengig av ansiennitet/kvalifikasjonar, det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon

Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.  

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her. 

Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.

Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til fengselsførstebetjent Øystein Dale på telefon 51799110

For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Åna fengsel orgnr: 974736888
Kort om arbeidsgiver

Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med omlag 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.

Region sørvest omfattar fengsel og friomsorgskontor i Rogaland og Agder. Regionadministrasjonen ligg i Sandnes.

Åna fengsel har rundt 170 tilsette, med til saman 164 plassar for mannlege innsette, fordelt på 140 plassar med høgt tryggleiksnivå og 24 plassar med lågare tryggleiksnivå.

Webside
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted NÆRBØ (Adresse: Åna Postnr: 4365)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 17-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/31625ed5-ccd8-422d-b031-27b951545ffc
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/269914