Stillingsbeskrivelse

Published 05-01-2025
Deadline: 19-01-2025

 

Me søkjer vernepleiar til Miljøarbeidstenesta

Etne Kommune har ledig 100%stilling som vernepleiar i miljøarbeidstenesta. Tenesta yt tenester etter helse- og omsorgstenestelova, avlastning , støttekontakt, miljøarbeid til heimebuande og til bebuarar i bemanna bufellesskap. Tenesta er lokalisert sentralt i Etne, men ein yt tenester til brukarar i heile kommunen. Tenesta har fokus på eit god kvalitet i tenestene og godt arbeidsmiljø, samt fagleg og personleg utvikling for dei tilsette.

Arbeidsoppgåver

  • Målretta miljøarbeid
  • Samarbeid med pårørande, kollegaer og andre instansar
  • Medikamenthandtering
  • Koordinering og deltaking i ansvargruppemøter
  • Rettleiing og opplæring

Kvalifikasjonar

  • Vernepleiar eller sjukepleiar
  • Erfaring frå liknande arbeid
  • Gode norskkunnskaper , både munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B
  • Godkjend politiattest

Eigenskapar

Me leitar etter deg som har eit positivt syn på livet og eit godt humør.

  • Du har god fagleg innsikt og tryggleik , er beslutningsdyktig, robust og sjølvstendig
  • Du har gode evner til samarbeid, koordinering og kommunikasjon
  • Du tør å ta ei utfordring , er fleksibel og har stor arbeidskapasitet

Personlege eigenskapar vert sterkt vektlagd ved tilsetjing

Me tilbyr

  • 100% fast stilling
  • 25 000 kr årleg i tillegg til tarifflønn for tilsette som arbeider turnus
  • Turnusarbeid dag/kveld med langvakter kvar 4.helg
  • Årsturnus med moglegheit for individuell tilpassing av turnus

Annan informasjon

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Etne kommune Miljøarbeidstenesta orgnr:
Kort om arbeidsgiver Etne kommune har ca 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Tenestemålet er nynorsk.

TIlgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/6ede7361-a3b4-49f6-8444-f107efd1a632

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Vernepleier
Sted ETNE (Adresse: Gjerdsrabbane 25 Postnr: 5590)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 19-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/cb912903-e6e3-4cd1-9e73-0c68e29f81fc
IMPORTAPI