Stillingsbeskrivelse

Published 06-01-2025
Deadline: 21-01-2025

 

Me søkjer trygg, omsorgsfull og utviklingsorientert sjukepleiar med ei viktig rolle i omsorgstenesta vår

Me har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar ved Seimsdal sjukeheim.

Arbeidsoppgåver

  • ivareta sjukepleiefaglege oppgåver til bebuarane
  • arbeid med fokus på brukarmedverknad og kva som er viktig for kvar enkelt i kvardagen, god livskvalitet
  • ansvar for journalføring og kommunikasjon med pasient og pårørande ut frå retningslinjer
  • vere medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø
  • samarbeid med Årdal sjukeheim

Kvalifikasjonar

  • godkjend sjukepleiar med norsk autorisasjon
  • rettleiar for studentar og lærlingar 
  • medansvarleg for eit godt læringsmiljø
  • kjennskap til dokumentasjonsprogrammet Gerica er ei føremon
  • god norskkunnskap, både munnleg og skriftleg
  • førarkort

Personlege eigenskapar

  • fagleg engasjert med interesse for eldreomsorg
  • løysingsfokusert
  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • fleksibel, ansvarsfull og hyggeleg

Me tilbyr

  • ein meiningsfull jobb i eit godt arbeidsmiljø med trygge og forutsigbare rammer
  • gode pensjons og forsikringsordningar
  • Seimsdal sjukeheim har innført årsturnus
  • tilgjenge til bedriftshytte på Skeikampen
  • løn etter tariff (Hovudtariffavtalen)

Dersom det er utfordring med bustad, ta kontakt.

 

Nytilsette i Årdal kommune har 6 månaders prøvetid. Gyldig politiattest må leverast før oppstart.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Årdal kommune Pleie og omsorg orgnr:
Kort om arbeidsgiver Når du kjem innover langs Sognefjorden og trur du snart ikkje kan koma lengre, der finn du tekonologibygdi Årdal som òg er nasjonalparkkommune.
Årdal er vertskap for fleire populære festivalar med besøk av folk frå fjern og nært. Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein kulturell- og idrettsaktiv kommune.
I kommunen er det har seks barnehagar, to skular, ein vidaregåande skule.
På Skeikampen har me ei koseleg bedriftshytte for tilsette.
Me har gode stipendordningar til etter og vidareutdanning og kan yte lån/tilskot til tilsette som skaffar seg eige husvære i kommunen. Meir informasjon om kommunen finn du på heimesida vår www.ardal.kommune.no, www.dittardal.no og www.visitardal.no. Sjekk oss gjerne på Facebook og Instagram.
Velkomen til oss i Årdal !
Webside
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted ÅRDALSTANGEN (Adresse: Statsråd Evensensveg 4 Postnr: 6885)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 21-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/35d9d084-30db-48e7-960d-c7fc8e9faf6a
IMPORTAPI