Stillingsbeskrivelse

Published 06-01-2025
Deadline: 21-01-2025

 

Me søkjer ein engasjert, trygg og reflektert medarbeidar

Om arbeidsstaden

Avdeling for psykisk helse og rusarbeid i Voss herad har om lag 30 tilsette som arbeider i ambulerande team, Oasen aktivitetssenter og ved Vetleflaten omsorgsbustader. Det er om lag 180 tenestemottakarar som nyttar seg av tilboda våre. Avdelinga er i utvikling når det gjeld framtidsretta tenester til innbyggjarar med utfordringar innan feltet psykisk helse og eller rusutfordringar. Avdeling for psykisk helse og rus ynskjer å auka fokuset mot førebygging, tidleg innsats og på ungdom/unge vaksne. I tillegg ynskjer avdelinga å starte opp rask psykisk helsehjelp.  

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av brukarar etter vedtak.
  • Primærkontakt-/ koordineringsansvar.
  • Målretta oppfylging av brukar; miljøarbeid, motiveringsarbeid, hjelp til daglege aktivitetar, oppfølging knytt til
  • samarbeidspartnarar, støttesamtaler og medisinhandtering.
  • Vera med å starte opp rask psykisk helsehjelp.

Me søkjer

  • Ein engasjert vernepleier med hjarte for psykisk helse og rusarbeid. Du har fokus på å sjå ressursane i den einskilde og verdien av hjelp til sjølvhjelp. I tillegg ser du moglegheita og ikkje hindringar.

 

Kvalifikasjonar

  • Bachelor i vernepleie. Anna relevant høgskuleutdanning kan verta vurdert.
  • Det er ynskjeleg med vidareutdanning innan rask psykisk helsehjelp, eller at du er motivert til å ta denne         vidareutdanninga.
  • Erfaring frå fagfeltet psykisk helse og/eller rusarbeid.
  • Ein systematisk person med evne til omstilling, fleksibilitet og sjølvstendig arbeid.
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevne.
  • Du må vera raus og ha respekt i møte med våre tenestemottakarar og samarbeidspartar.
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.
  • Førarkort klasse B.

Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga

 

Me tilbyr

  • gode vilkår for fagleg utvikling.
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø.
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.

Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad – Våre ledige stillingar (easycruit.com)

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Voss herad Rus og psykiatri orgnr:
Kort om arbeidsgiver Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport.
Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.

Verdiane våre er profesjonell – påliteleg – skapande – inkluderande

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Vernepleier
Sted VOSS (Adresse: Uttrågata 16 Postnr: 5700)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 21-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/1fb0b509-1585-439d-a42b-f30308a18321
IMPORTAPI