Stillingsbeskrivelse

Published 14-11-2024
Deadline: 28-11-2024

 

Me søkjer deg som skaper lagkjensla og brenn for personsentrert omsorg

Avdelingsleiar for langtidsavdeling ved Suldal sjukeheim

Suldal sjukeheim har ledig 100 % stilling som avdelingsleiar frå og med 01.03.2025.

Om eininga

I mai 2025 flyttar me inn i Noregs finaste sjukeheim! Eit høgteknologisk, topp moderne bygg med flotte fasilitetar og god plass. Nye Suldal sjukeheim får 38 plasser fordelt på to avdelingar. Suldal sjukeheim er heimen til innbyggjarane som av ulike orsakar ikkje har helse til å bu i eigen heim lenger. Me har langtidsplassar og korttidsplassar, kommunal akutt døgnpost, og drive avansert sjukepleie og medisinsk behandling. Me driv rehabilitering, avlastning og palliativ omsorg ved livets slutt. Du vil bli ein del av leiarteamet på Suldal sjukeheim, og vera med å leie eit tverrfagleg team med husassistentar, helsefagarbeidarar, sjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeut, aktivitør og frivilligheitskoordinator og velferdsteknologikoordinator.

Innan fem år har me mål om å vera sertifisert Livsglede sjukeheim. Å ha gode etiske haldningar og tid til refleksjon er viktig for oss. Me har fokus på gode pasientforløp og jobbar etter «Kva er viktig for deg?» prinsippet. Me yt personsentrert omsorg, og er i ferd med å implementere TID-modellen. For oss er det viktig å bruka rett kompetanse til rett tid. Helsepersonell skal få bruka tida si på helsehjelp. Me har husassistentar som løyser oppgåver som ikkje krev helsefagleg kompetanse.

Me har eige kjøkken og vaskeri, og samarbeider tett med helseavdelinga, tildelingskontoret og Suldal heimetenester.

Korleis kan du lukkast og trivast hos oss?

Dersom du trivast med høgt tempo, er opptatt av å skape eit trygt og godt bu- og  arbeidsmiljø der tenestemottakarane og dei tilsette opplev trivsel og meistring, vil du trivast og lukkast hjå oss. Om du i tillegg er interessert i tenesteutvikling og brukar- og pårørande medverknad er me sikre på at du vil finne plassen din hjå oss!

Kva kan me tilby som arbeidsplass?

  • Du vil få ein sentral rolle i vidareutviklinga av Suldal sjukeheim.
  • Dyktige og erfarne kollegaer både i leiargruppa og blant medarbeidarane i avdelinga di.
  • Unike ordningar for kompetanseutvikling og utdanning. Vil du utvikla deg i ein retning, og me deler draumen din – er me gjerne med og støttar deg på vegen.
  • Fleksibel arbeidstid og avspaseringsordningar. Treng du å begynne seinare fordi du skal levera i barnehagen? Treng du fri ein fredag for å ta ein langhelg på hytta? Ingen problem! Me forstår at det kan vera viktig å ha rom for fleksibilitet i ulike fasar av livet og det får du gjennom våre fleksitidsordningar og høve til avspasering.
  • Ein leiar må innimellom arbeida utanfor normal arbeidstid. Me ønskjer ikkje at dette skal gå for mykje utover fritida di, og livet utanfor jobb. Difor gir me leiarar opp mot 10 ekstra dagar fri i året.
  • Me er opptatt av å vera i stadig utvikling og er stolte av å kalla oss ein LEAN-kommune. Hos oss får du høve til å vera med å skape framtidas Suldal.
  • Me har eit aktivt velferdsutval som fleire gongar i året arrangerer felles aktivitetar og samlingar.
  • Stillinga blir plassert under stillingskode 9454 avdelingsleiar, med personleg løn.
  • Det er mange andre godar ved å arbeida hos oss, trykk på denne lenka for å lese meir om dei. 
  • https://www.suldal.kommune.no/om-kommunen/jobb-hos-oss/me-kan-tilby/

 

Kva gjer ein avdelingsleiar ved Suldal sjukeheim?

  • Leiar og utvikla teamet for å sikre kvalitet i omsorga me gir.
  • Rekruttera, rettleiar og støttar tilsette i det daglege arbeidet.
  • Arbeide målretta med avdelinga sitt kvalitets- og forbetringsarbeidet.
  • Samarbeider med tenestsmottakarane, pårørande og andre aktørar.
  • Deltar i utviklinga av eininga sine mål og strategiar.
  • Fremma eit arbeidsmiljø med fokus på trivsel, samarbeid og meistring.
  • Andre oppgåver i tråd med einingas behov.

 

Kven søkjer me?

Me søkjer ein empatisk leiar som har omtanke for tenestemottakarane sine behov. I jobben som avdelingsleiar er det viktig at du er sjølvstendig, strukturert, har humor, god samhandlingskompetanse og evne til å sjå løysningar. Du må ha gode organisatoriske ferdigheiter, evne til å planlegge, prioritera og organisera oppgåver og ressursar effektivt. Å motivera, fremmar vekst, styrke og inspirera medarbeidarane er ein viktig faktor. Du må òg vara open for endring og kontinuerleg læring. Relevant erfaring frå leiing er ein fordel, men ingen føresetnad. Personleg eignaheit vil bli vektlagt. Det er også nokre formelle krav du må oppfylle:

  • Du har norsk autorisasjon som sjukepleier.
  • Du har gode datakunnskapar og er vand med å bruke Microsoft Office.
  • Erfaring med bruk av digitale arbeidsverktøy som journalsystem og ressursstyringssystem er ein fordel.
  • Førarkort for bil.

Me nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon i Suldal kommune. Er nynorsken litt rusten? Ikkje la vera å søk! Me hjelp deg med å friske opp kunnskapane.

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Suldal kommune Suldal sjukeheim orgnr:
Kort om arbeidsgiver Suldal sjukeheim har to pleieavdelingar, med tilsaman ca 38 brukarar. Me har ein somatisk og ein demensavdeling. Det er langtids- og kortidsplassar, øyeblikkeleg hjelp, avlastning og treningsbustad.

Det er vedteke bygging av ny sjukeheim på Sand med estimert oppstart 2023. Det vil bli større omleggingar i byggeperioden.

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted SAND (Adresse: Eidsvegen 1 Postnr: 4230)
Stillingstype Annet Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 28-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/cf43b862-fe21-41fc-a0bd-42c2442bd00f
IMPORTAPI