Stillingsbeskrivelse

Published 05-01-2025
Deadline: 19-01-2025

 

Me søkjer assistent til praktisk bistand i instutisjon (PBI)

Etne omsorgssenter søkjer assistent til stilling for praktisk bistand i institusjon. Me søkjer deg som kan bidra med brennande engasjement og smittande godt humør som gjer arbeidsplassen til ein god stad å vera.

Arbeidsoppgåver

  • Praktiske oppgåver i avdelingskjøkken.
  • Bistå avdelingane under måltid.
  • Reinhald og handtering av pasientklede.
  • Bidra til system og orden i avdelingane.
  • Vera kjent med, og følgje rutinar i gjeldande kvalitetssystem.

Kvalifikasjonar

  • Arbeidsam, påliteleg og sjølvstendig.
  • Gode samarbeidsevne, er strukturert og målretta.
  • Fleksibel og tar initiativ.
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter, god munnleg og skriftleg framstillingsevne.

Eigenskapar

  • Trygg og stabil medarbeidar med sunne verdiar og haldningar.
  • Jobbe sjølvstendig og i team, ha god framdrift i arbeidet.
  • Trives i eit aktivt og effektivt arbeidsmiljø med fokus på kvalitetsforbetring.
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Me tilbyr

  • Årsturnus, fleksibel turnusordning, der deler av stillinga kan planleggast ut frå eige behov.
  • Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø
  • Varierte og spannande arbeidsoppgåver
  • Fokus på kvalitet og utvikling
  • God opplæring

Annan informasjon

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg skal det leggast fram godkjent politiattest.
Det skal i tillegg leggjast fram godkjent dokumentasjon på tuberkulinkontroll og status på MRSA før oppstart i jobb i helse og omsorg. Treng du meir opplysning om dette, ta kontakt med helsestasjon.
Etne kommune er deltakar i Tørn-prosjektet i regi av KS. I prosjektet er det fokus på den gode vakta gjennom kontinuitet i bemanning og oppgåvedeling, slik at me sikrar at rett kompetanse blir nytta på rett stad til rett tid. Som tilsett i helse og omsorg i Etne kommune har du moglegheit til å påverke prosjektet via medarbeidarinvolvering og du må vere villig til å prøve ut nye løysingar for å nå målet om den gode vakta.

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Etne kommune Pleie og omsorg orgnr: 987745991
Kort om arbeidsgiver Etne kommune har ca 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Tenestemålet er nynorsk.

TIlgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/6ede7361-a3b4-49f6-8444-f107efd1a632

Webside
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted ETNE (Adresse: Holmavegen 30 Postnr: 5590)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 19-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/8d5d17be-5d96-4087-82ca-2d20a9930c3a
IMPORTAPI