Stillingsbeskrivelse
Published 21-11-2024
Deadline: 06-12-2024
Mangfalds- og fadderkoordinator
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Mangfalds- og fadderkoordinator (ei 100%- eller to 50%-stillinger)
Universitetet i Bergen har som ambisjon å oppnå eit meir mangfaldig studentmiljø. Vi starta med prosjektet «Mangfaldige UiB- Ingen utanfor» i 2023. Målgruppa for prosjektet er minoritetar i studentmassen. Formålet med prosjektet er å identifisere og bygge ned barrierar for deltaking i høgare utdanning, og sikre eit godt tilbod til eit mangfaldig studentmiljø.
Velkomstveka er ofte det første møtet med Universitetet i Bergen for nye studentar. Den er difor viktig for å legge eit godt grunnlag for ein god start på studia og ein ny kvardag. Velkomstveka er ei innhaldsrik veke med mange ulike aktivitetar og arrangement, der vi har som mål å legge til rette for eit mangfaldig tilbod til alle studentgrupper. Det er mange bidragsytarar som deltek for å gje alle nye studentar ein best mogleg studiestart.
Vi skal no tilsetje ein eller to koordinatorar som skal arbeide med å vidareføre mangfaldsprosjektet, koordinere fadderarbeidet og skape eit større mangfald i velkomstveka der målet er å auke deltakinga av minoritetsgrupper. Stillinga(ne) utgjer samla ein 100% stilling eller to 50% prosent stillingar. Stillinga(ne) er mellombelse og plassert(e) ved funksjonsområdet Læringsmiljø på Studieavdelinga. Arbeidsperioden strekker seg frå januar til ut august 2025.
Fadderaktivitetar er ein viktig del av velkomstveka og skal bidra til at dei nye studentane blir inkluderte, kjente med kvarandre, universitetet, med fagmiljøet sitt og med studentbyen Bergen. Koordinatoren(ane) skal, i dialog med fakulteta, dei studenttillitsvalte og leiinga sentralt, bidra til å sikre at programmet for velkomstveka legg til rette for det.
Arbeidsoppgåver:
- koordinere inkluderande fellesarrangement under studiestartveka
- vere kontaktpunkt for koordinatorar frå andre utdanningsinstitusjonar i byen, og for arrangement i samarbeid med andre institusjonar
- arbeide for å oppnå større deltaking blant minoritetsgrupper i velkomstveka
- arbeide for å sikre eit mangfaldig program som dekker behovet til alle studentgrupper
- arrangere fadderkurs og sikre god opplæring og innføring i rolla som fadder for nye studentar
- rapportere til leiinga ved Studieavdelinga
- ha tett kontakt med leiinga og dei studenttillitsvalte både sentralt og på fakulteta
- følgje opp prosjektet «Mangfaldige UiB- Ingen utanfor»
- følgje opp resultata frå læringsmiljøundersøkinga og fokusgruppeintervjua som blei gjennomført hausten 2024
- følgje opp tiltak som studiestasjon og språk kafé i samarbeid med Universitetsbiblioteket
- planlegge og gjennomføre introdag 2025
Det skal skrivast rapport frå arbeidet. Sidan arbeidet med mangfaldsprosjektet og velkomstveka er i utvikling, kan arbeidsoppgåvene endre seg som følgje av dette.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Kunnskap om, og erfaring med mangfald
- Fersk kjennskap til studentlivet og høgare utdanning
- Erfaring med utvikling og gjennomføring av kurs er ein føremon
- Relevant utdanning
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner
- Systematisk, metodisk og strukturert
- Service- og løysingsorientert haldning
- Evne til å arbeide sjølvstendig og til å samarbeide med andre
- Engasjement for feltet
Ved vurdering av søkarane vil vi legge vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga(ne).
Vi kan tilby:
- Ein stimulerande og utfordrande arbeidskvardag med høg grad av sjølvstende
- Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
- Løn etter Statens regulativ som seniorkonsulent (kode 1363) i ltr. 557 100,- til 604 900,- avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn
- Fleksibel arbeidstidsordning
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: underdirektør ved Studieavdelingen Torunn Valen torunn.valen@uib.no tlf: 48239497 eller rådgiver Martin Kahrs Lie martin.lie@uib.no tlf: 55585114.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Universitetet i Bergen orgnr: 974799154 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad. Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om studieadministrativ avdeling her. |
Webside | https://www.uib.no/om/84775/ledige-stillinger-ved-uib |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Grunnskole |
Sted | BERGEN (Adresse: Nygårdsgaten 5 Postnr: 5020) |
Stillingstype | Vikariat Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 06-12-2024 |