Lyst til å vere med å løyse ei skikkeleg utfordring? Vi skal gjere pensjon enkelt! – Statens pensjonskasse

(6 dager siden)

  • OSLO
  •  Lagt til dato: 26. mars 2025
  •  Expire date: 23. april 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 26-03-2025
Deadline: 23-04-2025

Lyst til å vere med å løyse ei skikkeleg utfordring? Vi skal gjere pensjon enkelt!

Vi representerer tryggleik for nær halve Noregs befolkning. Framover har vi ein stor ambisjon: Vi skal gjere pensjon enkelt for brukarane våre – og for verksemdene der dei jobbar.

Vi står midt i innføringa av ei stor pensjonsreform, og det kan vere krevjande for medlemmene våre å orientere seg og ta gode, opplyste pensjonsval. Medlemsverksemdene våre spelar ei viktig rolle i å støtte sine tilsette i desse vala.

Skal vi lykkast med ambisjonen vår, treng vi derfor deg som er skikkeleg god på strategisk kommunikasjon og som vil vere med å skape noko. Som er trygg på å leie prosessar, og vant til å jobbe med brukarreiser, brukarsegment og innhaldsutvikling.

Brukarane våre skal oppleve ein raud tråd i kommunikasjonen vår, og vi skal gå frå massekommunikasjon til skreddarsaum for spesifikke målgrupper. Den første oppgåva di blir nettopp å skape eit heilskapleg kommunikasjonskonsept for verksemder som har pensjonsordninga si hos oss. Ved å bruke innsikt og sette opp ulike kommunikasjonsløp, skal vi gjere det enklare for medlemsverksemdene å forstå kva som påverkar pensjonskostnadene deira, og kunne rettleie sine tilsette når dei skal ta pensjonsval.

Vi kan love deg ein arbeidsplass kor brukarinnsikt og kommunikasjon står høgt på agendaen – heilt til toppen.

Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan for eksempel vere tekniske hjelpemiddel og tilpassing av møblar, eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.

Arbeidsoppgaver

  • Lage og ta i bruk kommunikasjonsplanar som støttar målet for verksemda og sikrar ein raud tråd på tvers av kanalar.
  • Analysere og forbetre brukarreiser for å sikre at kommunikasjonen er relevant og forståeleg for ulike målgrupper, og utvikle innhald for dei ulike stega i denne reisa.
  • Bruke digitale kanalar strategisk, med særleg vekt på nett og brukaroppgåve-metodikk for å sikre at innhald og struktur møter brukarane sine behov.
  • Gi råd om strategisk kommunikasjon og klarspråk til leiarar og fagmiljø, og vere ein operativ kommunikasjonsrådgivar og leiarstøtte i sentrale utviklingsprosjekt.
  • Produsere innhald til alle våre eksterne og interne kanalar.

Kvalifikasjoner

  • Minimum fem års erfaring som kommunikasjonsrådgivar
  • Relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskole
  • Erfaring som prosess- og prosjektleiar innanfor kommunikasjon og/eller marknadsarbeid – frå problem-/måldefinisjon og kommunikasjonsplan, til dei faktisk tiltaka og evalueringa
  • Erfaring med brukarreiser, brukarsegment og innhaldsutvikling

Personlige egenskaper

  • Du er strukturert og god til å skapa orden, også i komplekse problemstillingar
  • Du har sterk digital kompetanse og veit korleis du effektivt når ut til ulike målgrupper og korleis du skal gjere kompleks informasjon forståeleg
  • Du liker å jobba med andre, og veit kva som skal til for å få ulike fagspesialitetar til å jobba godt saman
  • Du trivst med varierte oppgåver, tek initiativ og får ting gjort

Vi tilbyr

  • Sterkt fagleg og sosialt miljø med store utviklingsmoglegheiter
  • Ein trygg og føreseieleg arbeidsplass med lite byråkrati
  • Moglegheit til å løyse samfunnsoppdraget vårt der vi sørger for føreseielegheit, tryggleik og sikkerheit for medlemmene våre
  • Ei av Noregs beste pensjonsordningar, gode forsikringsordningar og moglegheit for gunstig bustadlån.
  • Gode og fleksible løysingar for heimekontor (hybrid)
  • Sentral plassering i moderne lokale på Skøyen med kort veg til buss, trikk og tog
  • Kontorløysing med universell utforming og heis i bygget
  • Eige idrettslag, tilbod om gruppetrening og rabatt på treningssenter
  • Sommartid

Som tilsett hos oss vil du bli medlem i Statens pensjonskasse, som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon og AFP. Du kan ha rett til økonomisk støtte viss du blir sjuk eller ufør, familien din kan ha rett til økonomisk støtte når du døyr, du blir forsikra mot yrkesskade eller yrkessjukdom, og du får gode vilkår på bustadlån. Du kan lese meir om tilsettgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk.

Generell informasjon

Vi gjennomfører bakgrunnssjekk i utvalde rekrutteringar. Bakgrunnssjekken blir gjennomført av Semac AS, og blir utført etter samtykke frå deg som søker. Aktuelle søkarar vil få nærmare informasjon om dette.

Vi ber om at du legg ved alle relevante attestar og vitnemål når du søker.

I samsvar med offentleglova gjer vi merksam på at søkaren kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Vedkomande vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.

Kontaktinformasjon

Diana Badi, Seksjonsleder, 92 48 18 89

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Statens pensjonskasse

Referansenr.: 4945403888
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.04.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Statens pensjonskasse orgnr:
Kort om arbeidsgiver

I Statens pensjonskasse er vi saman om eit viktig samfunnsoppdrag – å sikre økonomisk tryggleik og føreseielegheit for medlemmene våre og deira næraste. Over éin million nordmenn har tenestepensjon hos oss, mange har òg lån og forsikring.

Vi er cirka 450 medarbeidarar som jobbar saman kvar dag med løysingar og produkt som har stor betydning for enkeltmenneske, så vel som for samfunnet. Vi har sterke fagmiljø med brei kompetanse og mangfald, både fagleg og menneskeleg. Vi er store nok til at du får utfordringar, og små nok til at du kan påverke. Hos oss får du tillit og kollegaer som vil at du lykkast. Arbeidskvardagen er fleksibel, slik at du har god balanse mellom jobb og fritid. Vi bryr oss om oppdraget, om kvarandre og om brukarane våre.

Vi er til å stole på – som pensjonsleverandør og som arbeidsgivar.

Du kan lese meir om korleis det er å jobbe hos oss på spk.no/om-oss/jobb-hos-oss/.

Webside http://www.spk.no
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Bank finans forsikring
Sted OSLO (Adresse: Verkstedveien 1 Postnr: 0277)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 23-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/efd1fa07-e529-490c-b6b6-89086f9d2327
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31