Lom og Skjåk treng FYSIOTERAPEUT! – Lom Kommune

Health and social care Fysioterapeut

(5 timer siden)

  •  Lagt til dato: 18. november 2024
  •  Expire date: 4. desember 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 18-11-2024
Deadline: 04-12-2024

 

Lom og Skjåk treng FYSIOTERAPEUT!

Er du den som har lyst til å erfare vinter mot sommar midt i Innlandet? Som vil vere ein del av ein flott ergo- og fysioterapeutgjeng i kommunane Lom og Skjåk?

Det er ledig vikariat som fysioterapeut frå 01.01.25 fram til 31.07.25, med moglegheit for forlenging.

Hva vi ser etter

Me søkjer deg som er strukturert og jobbar sjølvstendig. Du trivst med å jobbe saman med både brukarar og fagpersonar. Du er glad i faget ditt, glad i menneske og har godt humør. Du er fleksibel, og har interesse for å vidareutvikle tenestetilbodet.

Lom kommune har som visjon å vere gjestfritt og nyskapande, med atferdskrav som løysingsorientert, offensiv og inkluderande.

Kvalifikasjonar:

  • Autorisert fysioterapeut

  • Beherskar norsk munnleg og skriftleg. Nynorsk er administrativt skriftspråk i kommunane

  • Krav om politiattest

  • Førarkort kl. B

Personlege eigenskapar blir vektlagt.

Arbeidsoppgaver

  • Helsefremjande, førebyggjande og kurativ fysioterapiverksemd for alle aldersgrupper

  • Gruppetilbod for barn, ungdom og vaksne

  • Rehabilitering og habilitering

  • Prosjektleiar etablering av frisklivssentral (40%)

  • Hjelpemiddelformidlar

Vi tilbyr

Lom er vertskommune for den interkommunale ergo- og fysioterapitenesta som består av 2 årsverk ergoterapistilling og 4,3 årsverk fysioterapistilling, samt 80% fysioterapeut m/ driftsavtale. Ergo- og fysioterapitenesta har ansvar for sine fagfelt og kommunalt hjelpemiddellager i båe kommunane. Tenesta har tett samarbeid med andre kommunale tenester innan helse, skular og barnehagar. Oppmøtestad vil vera hovudsakleg i Skjåk, og ved behov i Lom.

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Namnet på søkjarane vil bli gjort offentleg.

Det er ynskjeleg med snarleg oppstart i stillinga.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Lom Kommune orgnr: 975269744
Kort om arbeidsgiver

Lom kommune har som visjon å vere gjestfritt og nyskapande, med atferdskrav som løysingsorientert, offensiv og inkluderande.

Lom ligg nært fleire nasjonalparkar. Området har gode moglegheiter for naturopplevingar i spektakulær natur og ligg i hjartet av Jotunheimen nasjonalpark. Vi håpar å høyre frå deg!

Webside https://www.lom.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Fysioterapeut
Sted (Adresse: Postnr: )
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-01-2025
Søknadsfrist 04-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/fbf564c9-8290-4a28-a21e-9901cb705959
Stillingsregistrering