Lokasjonsansvarlig område Nord – Tolletaten

Kontor og økonomi Ledelse administrasjon og radgivning

(6 timer siden)

  • TROMSØ
  •  Lagt til dato: 31. oktober 2024
  •  Expire date: 21. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 31-10-2024
Deadline: 21-11-2024

 

Lokasjonsansvarlig område Nord

Vil du bli med på laget?
 
Ved fellestenesteavdelinga i HR- og organisasjonsdivisjonen har vi no ei ledig stilling som rådgjevar på servicetorget. Vi søkjer deg som har interesse for moderne eigedomsdrift, er serviceinnstilt og eit ja-menneske. I tillegg er du endringsdyktig, fleksibel og innstilt på å setje deg inn i nye digitale behov som kjem i framtida.
Stillinga inneber ein del reiseverksemd mellom lokasjonar i Område Nord, og det er forventa at du besøker desse lokasjonane jamleg.  
 
Sentrale arbeidsoppgåver:

  • tilsyn og operativ drift av lokasjonar, blant anna i Tromsø, Hammerfest, Polmak, Alta lufthavn, Kirkenes lufthavn, Neiden og Storskog 
  • attestering og anvisning av fakturaer samt økonomisk oppfølging og kontroll
  • proaktivt samarbeid med bygningseigarar og eksterne leverandørar
  • brannsikkerheit, adgangskontrollsystem, vedlikehaldsbehov
  • handtering av digital servicedesk (JSM) og andre digitale plattformer
  • deltaking i byggeprosjekt
  • innkjøp/anskaffingar, kontraktsoppfølging, samt administrering av kurs og konferansar
  • tilrettelegging i samband med on- og offboarding
  • tett samarbeid med eigedomsteamet i Tolletaten
  • bidra med andre løpande oppgåver ved behov

 Kvalifikasjonskrav:

  • fullført bachelorgrad (ettårig høgare utdanning eller tollfagleg utdanning, kombinert med svært god realkompetanse kan erstatte kravet om bachelorgrad)
  • relevant arbeidserfaring
  • gode digitale ferdigheiter
  • god skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk
  • du må ha førarkort klasse B
  • kjennskap til rammevilkåra som offentlege tilsette må rette seg etter
  • erfaring med å handtere eksterne leverandørar og forvalte kontraktar
  • du må kunne sikkerheitsklarerast til nivå Hemmeleg

 Personlege eigenskapar som kjenneteiknar deg:

  • du er tillitvekkande, serviceinnstilt og eit JA-menneske
  • du jobbar strukturert, er fleksibel og oppteken av å finne løysingar
  • du er beslutningsdyktig og har evne til å gjere heilskapsvurderingar
  • du er sjølvstendig og initiativrik og evnar å sjå behov og handle proaktivt deretter

 Vi tilbyr:

  • varierte oppgåver og gode moglegheiter for utvikling i ein spennande etat
  • eit inspirerande arbeidsmiljø med hyggelege og engasjerte kollegaer 
  • fleksibel arbeidstidsordning og moglegheit for trening i arbeidstida 1 time pr veke
  • pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • løn som rådgjevar, kr 548 600–624 500 (ltr. 56–64), avhengig av kvalifikasjonar. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • arbeidsstad i heilt nye og moderne lokalar sentralt i Tromsø

 Vi ser fram til å motta din søknad!
 
For meir informasjon om stillinga kan du ta kontakt med seksjonssjef for servicetorget, Jasmina Borkovic på tlf. 930 37 626.
 
Søknadsfrist: 21. november. 
Sjå jobb.toll.no for meir informasjon om å jobbe hos oss.
 
Bakgrunnssjekk
Vi nyttar Semac bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar.
 
Krav til søknaden
Fyll ut felta «Utdanning» og «Arbeidserfaring» og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
 
Mangfald og inkludering
Tolletaten meiner at mangfald og inkludering er ei styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike bakgrunnar, kompetansar, erfaringar og perspektiv for å løyse vårt samfunnsoppdrag. Mangfald bidreg til auka kreativitet, betre avgjerdsprosessar, større fleksibilitet og styrkjer kulturen og arbeidsmiljøet vårt. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar som har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene bli invitert til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene, må du oppfylle krava til positiv særbehandling. Du kan lese meir om positiv særbehandling på arbeidsgjevarportalen. Dersom du har behov for individuell tilrettelegging på arbeidsplassen eller i arbeidsforholdet, vil vi prøve å imøtekome dette så langt det let seg gjere.
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Tolletaten orgnr:
Kort om arbeidsgiver
Webside
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Ledelse, administrasjon og rådgivning
Sted TROMSØ (Adresse: Postnr: 9019)
Stillingstype Annet Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 21-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/f2ab9bb3-3c3a-4f66-bc14-37cbbaf20578
IMPORTAPI