Stillingsbeskrivelse

Published 16-10-2024
Deadline: 10-11-2024

 

Logoped

Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR) har ledig 2 x 100% fast stilling for logoped frå 01.01.2025. 

Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR) har 5 seksjonar, og er ein av 11 avdelingar i Medisinsk klinikk. I tillegg til våre eigne tilbod, så yter dei tilsette tenester til mange avdelingar og poliklinikkar i sjukehusa våre.

Fleire tilsette er aktive i høve innovasjon, tensteutvikling og forbetringsarbeid. Det er ei brei tverrfagleg samansetnad av personalgruppa. Vi ser no fram til å supplere det tverrfaglege fellesskapet med to logopedar. Logopedane yter tjenester til alle avdelingar og poliklinikkar ved Førde sentralsjukehus.

Arbeidsoppgåver

  • Kartlegge og vurdere språk-, tale-, ete- og svelgevanskar hos både born og vaksne
  • Gi informasjon og rettleiing til pårørande/nærpersonar
  • Delta i ulike tverrfaglege team
  • Delta i undervisning og anna intern fagutvikling
  • Gjennomføre eigne polikliniske konsultasjonar.
  • Delta i utvikling av telemedisinske/digitale tilbod for aktuelle pasientgrupper
  • Oppfølging og rettleiing av logopedstudentar
  • Sikre god dialog med heimkommunen om behov for logopedisk hjelp etter utskriving

Kvalifikasjonar

  • Mastergrad eller tilsvarande godkjenning
  • Ynskjeleg med erfaring som logoped i helseinstitusjon.
  • Interesse for tverrfagleg/tverretatleg samarbeid.
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg.

Du har:

  • gode samarbeidsevner, og du arbeider systematisk og målretta
  • lyst å jobbe i et tverrfagleg team, samstundes som du også kan jobbe sjølvstendig
  • interesse for forbetrings- og utviklingsarbeid
  • ei løysingsorientert tilnærming

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt 

Vi tilbyr

  • ei innhaldsrik stilling i eit dynamisk arbeidsmiljø med arbeidsoppgåver på både individ- og systemnivå
  • å kunne bli ein del av eit godt arbeidsmiljø med høg kompetanse på mange ulike områder
  • fagleg og personleg utvikling
  • arbeidstid på dagtid, alle kvardagar
  • gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Stig Igland, Avdelingssjef, 906 32 871
Are Mikael Lillebø, Seksjonsleiar, 578 30 417

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 4869024095
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR), Helse Førde orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Webside https://www.helse-forde.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Audiografer og logopeder
Sted FØRDE (Adresse: Svanehaugvegen 2 Postnr: 6812)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 10-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/ed102b66-cb84-44c4-b455-cc477ea5b970
IMPORTAPI