LIS3 – Avdeling for distriktspsykiatriske senter DPS Sunnmøre, Helse Møre og Romsdal HF
Health and social care Lege(2 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 05-01-2025
Deadline: 22-01-2025
LIS3
Klinikk for psykisk helsevern, Avdeling for DPS Sunnmøre, har ledig ei fast stilling for lege i spesialisering (LIS).
Stillinga inngår i klinikken sine LIS-stillingar som er del av eit utdanningsrotasjonsprogram retta mot spesialisering som overlege/psykiater. LIS-stillingane er også ein del av forvaktordninga ved Avdeling for sjukehuspsykiatri.
Ålesund, kåra til den vakraste byen i Noreg, er kjent for si unike Jugendstilarkitektur. Byen byr på eit eventyrleg landskap av tårn, spir og vakre utsmykkingar. I tillegg har Ålesund og Sunnmøre eit rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Området byr på spektakulære fjordar, øyar og fjell – alt klart til å begeistre deg.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av menneske med psykiske lidingar
- Vaktarbeid
- Samarbeid med andre faggrupper i pasientbehandling
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
- God meistring av norsk, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og interesse for tverrfagleg samarbeid
- Evne til å sette pasientens behov i fokus
- Interesse for psykiatri og psykiske lidingar
- Engasjement for å bidra til vidareutvikling av psykisk helsevern på Sunnmøre
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Eirik Molvær, Avdelingssjef, +47 70 16 73 00, eirik.molver@helse-mr.no
Arbeidsstad
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 4886696977
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Avdeling for distriktspsykiatriske senter DPS Sunnmøre, Helse Møre og Romsdal HF orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
|
Webside | http://www.helse-mr.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Lege |
Sted | ÅLESUND (Adresse: Åsehaugen 5 Postnr: 6017) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 22-01-2025 |