LIS2/3-stilling i Akutt- og Mottaksmedisin – Mottaksklinikken, Helse Bergen

Health and social care Lege

(15 timer siden)

  • BERGEN
  •  Lagt til dato: 4. november 2024
  •  Expire date: 18. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 04-11-2024
Deadline: 18-11-2024

 

LIS2/3-stilling i Akutt- og Mottaksmedisin

Vi søker lege som ønsker ei spesialisering i Akutt- og mottaksmedisin.

Mottaksklinkken har 6 einingar, Utgreiingsmottak 1 og 2, Akuttmottak, Korttidspost, Diagnostisk senter og Akuttpost. Utgreiingsmottaket er eit tilbod til pasientar med behov for tverrfagleg utgreiing ved akutt sjukdom. I akuttmottak har Mottaksklinikken sine legar eit særskild ansvar for primærvurdering/triage, samt oppfølging av pasientar med høg hastegrad. Kortidsposten er ei observasjonseining for pasientar med avklarte problemstillingar og forventa kort liggetid. Diagnostisk senter er ein poliklinikk med ansvar for eit diagnostisk pakkeforløp for pasientar med mistanke om alvorleg sjukdom/kreft med usikker organtilhøyrsle. Akuttposten er spesialisert på rusproblematikk, i tillegg har vi ei eining for forsking og utvikling.

I 2023 blei det vist vidare 45 000 pasientar til Akuttmottak på Haukeland universitetssjukehus, og det var nærare 13 000 ØH avdelingsopphald i sengeeiningane til Mottaksklinikken.

Mottaksklinikken har lege i 100% stilling ved UiB, med bistilling ved Mottaksklinikken og det pågår for tida fleire store kliniske studiar. Motiverte søkarar vil ha gode moglegheiter for å kunne delta i klinikken sin forskingsaktivitet.

Vi har ledig ein fast stilling og tre vikariat i 6-12 månader.

For fast tilsetting gjeld følgande: Vi tilbyr spesialistutdanning som dekker heile utdanningsløpet i akutt- og mottaksmedisin. Det vises for øvrig til utdanningsplan. Etter fullført spesialisering, vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist. 

For vikariat gjelde følgande: Vikariatet kan tene som del av spesialistutdanninga.

Vi tilbyr spesialistutdanning som dekker heile utdanningsløpet i akutt- og mottaksmedisin, og dei fleste læringsmål i LIS 2 for alle indremedisinske spesialitetar. For søkarar med mindre klinisk erfaring vil tenesta initialt fokusere på LIS 2 mål for indremedisin, for meir erfarne søkarar vil tenesta vere mer retta mot LIS 3 læringsmål i Akutt- og Mottaksmedisin med spissa teneste i Akuttmottaket. Det kan påreknast rotasjon til andre avdelingar på sjukehuset for å nå læringsmål lengre ut spesialiseringa. 

Arbeidsoppgåver

  • LIS-Legane som blir tilsett vil få oppgåver i alle klinikken sine einingar, inkludert teneste i Akuttmottak og vil arbeide tett saman med klinikken sine overlegar
  • LIS-legane vil også ha oppgåver i team saman med helsepersonell med ulik bakgrunn og kompetanse
  • Det blir vakter i Mottaksklinikken og i tillegg kjem helge- og kveldsarbeid og nattevakter i dei ulike einingane i Mottaksklinikken

Kvalifikasjonar

  • Mottaksklinikken søker etter LIS-legar med ulik medisinskfagleg bakgrunn
  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS2/3-stilling i akutt- og mottaksmedisin 
  • Søkar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Ein unik moglegheit til utvikling av breiddekompteanse gjennom utgreeiing av pasientar med samansette og uklare problemstillingar
  • Høgt fokus på forsking
  • Spennande, aktivt og tverrfagleg arbeidsmiljø med høgt tempo

Vi tilbyr

  • Lønn iht gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår
  • Moglegheit for fagleg og personleg utvikling

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Tarjei Nestegard, Einingsleiar, 41313301

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4880248372
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 18.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Mottaksklinikken, Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5009)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 4
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 18-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/cd454ae1-2e63-431b-9109-d42b7e9d5982
IMPORTAPI