Stillingsbeskrivelse

Published 09-10-2024
Deadline: 01-11-2024

 

LIS-lege i arbeidsmedisin, 1 års-utdanningsstilling. LSR-nr. 13235

Yrkesmedisinsk avdeling, Haukeland Universitetssjukehus, har ledig 100% stilling for lege i spesialisering (LIS 2/3) i arbeidsmedisin, men det er mogleg å diskutere deltidsstilling ned til 50%. Stillinga er midlertidig i 1 år frå tilsettingsdato. Ved redusert stilling kan tilsetting forlengast tilsvarande. Denne vil passe inn i eit utdanningsløp der fire av dei øvrige fem åra tas innan bedriftshelsetenesta. Stillinga kan telle som del av spesialistutdanninga. 

Yrkesmedisinsk avdeling bidrar til å førebygge sjukdom og fremme god helse ved å påvise og auke kunnskap om samanheng mellom miljøfaktorar og helse. Det går føre seg ved pasientutgreiing, kunnskapsformidling, prosjektarbeid og forsking. Avdelinga har regionansvar for Helseregion III (Vestland og Rogaland). I tillegg har avdelinga tre nasjonale behandlingstenester: spesifikk bronkial provokasjon ved yrkesrelatert astma, utgreiing av yrkesrelaterte dykkarskadar og elektiv hyperbar oksygenbehandling.
Avdelinga er organisert i Arbeidsmedisinsk poliklinikk, Regionalt senter for astma, allergi og overfølsomhet, Seksjon for hyperbarmedisin, Norsk senter for maritim- og dykkemedisin, Sjukepleieseksjonen og Merkantil seksjon. Avdelinga har difor eit unikt tverrfagleg preg som gir store moglegheiter for læringsarena også på tvers i avdelinga. 

Den ledige stillinga blir knytt til Arbeidsmedisinsk poliklinikk med seksjonsoverlege Ole Jacob T. Møllerløkken som leiar. Det er to stillingar for LIS 2/3 i arbeidsmedisin ved seksjonen i tillegg til eventuelt delte LIS stillingar med andre seksjonar på avdelinga. Den faste staben ved arbeidsmedisinsk poliklinikk er breitt samansett med fire overlegar i arbeidsmedisin, lungelegar, dermatolog, nevrolog, tre yrkeshygienikarar og nevropsykolog. I tillegg samarbeider ein med sjukepleiarar, kontortilsette, legespesialistar ved dei andre seksjonane, samt avdelinga sin biostatistikar og anna støttepersonell. 

Arbeidsoppgåver

  • Stillinga som LIS 2/3 inngår i aktiviteten på seksjonen med fokus på læringsmål beskrevet i spesialiteten arbeidsmedisin
  • Poliklinisk klinisk aktivitet
  • Arbeidsmiljøundersøkingar
  • Undervisning og formidling
  • LIS vil også kunne delta i førebyggande arbeid og avdelinga sine forskingsprosjekt

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsatt må ha norsk autorisasjon som lege
  • Den som blir tilsatt må ha godkjent turnustjeneste / LIS-1 tjeneste, eller tjeneste som etter norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3 stilling i arbeidsmedisin
  • Den som blir tilsatt må meistre norsk, både skriftlig og munnleg
  • Det blir lagt vekt på at man har et aktivt arbeidsforhold i registrert utdanningsvirksomhet i arbeidsmedisin med samarbeidsavtale med Yrkesmedisinsk avdeling
  • Det blir lagt vekt på oppnådde læringsmål i spesialitet i arbeidsmedisin/ gjennomførte kurs/ veiledningsgruppe
  • Det blir lagt vekt på erfaring som bedriftslege og annen relevant klinisk erfaring
  • Det blir lagt vekt på god skriftlig dokumentasjonsevne

Personlege eigenskapar

  • Du har interesse og motivasjon for fagfeltet
  • Du kommuniserer tydelig og forståeleg overfor pasientar og andre samarbeidspartnarar
  • Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeider strukturert og målretta på jobb
  • Du etablerer gode samarbeidsrelasjoner til alle nødvendige yrkesgrupper
  • Du har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande omstende
  • Du kan delegere og følge opp delegerte oppgåver

Vi tilbyr

  • Den som blir tilsatt i LIS 2/3 stillinga vil få ein personleg rettleiar og delta i avdelingas regulære utdanningsprogram
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Ole Jacob Torkildsen Møllerløkken, Seksjonsleiar, 97042384

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4869616017
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 06.01.2025
Sluttdato: 04.01.2026
Søknadsfrist: 01.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Yrkesmedisinsk avdeling, Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5021)
Stillingstype Engasjement Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse 06-01-2025
Søknadsfrist 01-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/7e4df63c-d615-45af-ac2c-a4b08b403564
IMPORTAPI