LIS 3 Ortopedi – Kirurgisk avdeling Stord sjukehus

Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare

(22 timer siden)

  • STORD
  •  Lagt til dato: 27. oktober 2024
  •  Expire date: 8. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 27-10-2024
Deadline: 08-11-2024

 

LIS 3 Ortopedi

 

Har du ein ortopedspire i magen? Då oppfordrar vi deg til å søkje og bli ein del av vårt team på Kirurgisk avdeling ved Stord sjukehus.

Hos oss får du tett oppfølging av faste ortopedar. Vi har 4 årsverk for overleger og 3 LIS-stillingar innan ortopedi. Avdelinga har stor aktivitet innan øyeblikkeleg hjelp, elektiv kirurgi og skadekirurgi. Du vil få mykje erfaring innan brotbehandling, protesekirurgi, scopiar i skulder/kne, hallux valgus og hand-/fotkirurgi. Stord sjukehus er akutt-sjukehus med traumefunksjon, og ortopediske legar deltek i traumeteamet.

Startar du utdanninga di hos oss, vil du vere godt rusta når du skal vidare i spesialisering. Fordelen med å vere LIS 3 innan ortopedi ved Stord Sjukehus er den tette oppfølginga. Her blir du fort sjølvstendig på inngrep, og du har det triveleg på jobb. Du blir raskt kjent med alle, får mykje ansvar, men også god supervisjon.

Vi har no 2 LIS 3-stillingar ledige innan ortopedi. Hos oss får du godkjenning av dei fleste læringsmåla for del 3. Du får fullført dei resterande læringsmåla i løpet av 18 månader med spesialisering ved universitetssjukehus. Vi har avtale med Ortopedisk avdeling på Haukeland sjukehus og vi legg vekt på at du skal få gjennomført dei nødvendige kursa gjennom heile perioden de er her.

Er du usikker på om ortopedi er vegen du ønskjer å spesialisere deg innan? Hos oss har vi felles vaktordning for LIS innan generell kirurgi og ortopedi. Det betyr at du på vakt får ansvar for begge fagområda og du vil også få erfaring innan generell kirurgi. I dag har vi 6 LIS i rotasjon, men vi jobbar no med å rekruttere slik at vi kan starte opp ny tenesteplan med aktiv vakt i 7- eller 8-delt vakt. Vi håpar å få dette på plass i løpet av 2025. Jo raskare vi får rekruttert gode medarbeidarar, jo raskare får vi endra tenesteplanen.

Har du lyst til å lære meir om kroniske sår og avansert sårbehandling? Hos oss har vi ei av landets første sårpoliklinikkar, med stor aktivitet, som du får god innføring i. Her er vi langt framme i avansert sårbehandling og har ein av landets beste og mest dedikerte overlegar innan dette feltet i avdelinga. Samarbeidet med teamet på sårpoliklinikken vil gi deg mykje ansvar og du vil lære mykje.

Kirurgisk avdeling har ein aktiv sengepost med 18 senger. Liggetida er kort, og utskiftinga av pasientar i løpet av dagen er stor. Vi har 4 operasjonsstover og ein dagkirurgisk avdeling. Stord Sjukehus er del av Helse Fonna, og vi får pasientar til ØH-operasjonar frå heile Helse Fonna sitt område.

Søk no og bli ein del av vårt flotte team!

Arbeidsoppgåver

  • Utdanningsstilling i Ortopedisk kirurgi
  • operativ virksomhet, post og poliklinikk
  • Primærvakt som innbefatter mottak av både ortopediske og kirurgiske pasienter på vakt tid
  • Opplæring og veiledningsansvar til Lis1 og Hospitanter

Kvalifikasjonar

  • Godkjent Lis 1 tjeneste
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Gode norsk kunnskaper er helt avgjørende for forsvarlig pasientbehandling. Søkere med annet morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregående skule, må ha bestått Bergens testen, eller anna norsk test på B2 nivå. Dokumentasjon må vedlegges søkanden. 

Personlege eigenskapar

  • Faglig dyktighet
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevne
  • Du må kunna arbeide målretta og strukturert, både sjølvstendig og i team
  • Bidra positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø

Vi tilbyr

  • Løn i henhold til gjeldande overenskomst
  • Det vert gjeve ansiennitetstillegg slik at lIS 2/3  startar i lønnskategori B
  • Rekrutterings- og stabiliseringstillegg på kr 40 000,- 
  • Boliger på sjukehusområdet som kan disponeras i en overgangsperiode. 

Mangfaldserklæring

Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Bodo Gunther, Avdelingsoverlege, 53 49 10 00, bodo.erhardt.gunther@helse-fonna.no
Aud Lisa Kjøl, Seksjonsleiar, 41249100, aud.lisa.kjol@hele-fonna.no

Arbeidsstad

tysevegen 64
5416 STORD

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4876996501
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 06.01.2025
Søknadsfrist: 08.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kirurgisk avdeling Stord sjukehus orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

 

Webside www.helse-fonna.no
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted STORD (Adresse: tysevegen 64 Postnr: 5416)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse 06-01-2025
Søknadsfrist 08-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/3e2c1e14-7620-498e-a8dd-0bbfc19932cb
IMPORTAPI