LIS 2/3 i patologi (dagtidsarbeid) – Laboratorieklinikken/ Avdeling for patologi, Helse Bergen
Health and social care Lege(1 dag siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 04-11-2024
Deadline: 06-12-2024
LIS 2/3 i patologi (dagtidsarbeid)
Vi har ledig 12 månaders vikariat for lege i spesialisering 2/3 med mogleg forlenging.
Vikariata er ledig frå 01.01.2025. Det er mogleg med fleksibel oppstart etter nærare avtale, difor oppfordrast også LIS1 som er ferdig i løpet av våren til å søke.
Kunne du tenke deg spesialisering i eit paraklinisk fag? Patologi er ei kjerneverksemd i diagnostikk av kreft og annan sjukdom og faget er i rask utvikling. Arbeidsdagane er varierte og LIS ved avdelinga arbeider tett med andre tilsette i avdelinga, inkludert både LIS og overlegar. Det er ei bratt læringskurve, men på same tid er det trygt å vere ny hos oss.
Arbeidstida er måndag til fredag 0800-1600. Jobb som LIS 2/3 lar seg såleis godt kombinere med både familieliv og fritidsaktivitetar.
LIS følger utdanningsprogrammet for spesialistutdanning i patologi.
Avdelinga har omfattande diagnostiske funksjonar og dekker alle fagområda innan patologi, inkludert nyrepatologi, nevropatologi, oralpatologi og molekylærpatologi. Avdelinga gjer diagnostikk på 55 000 biopsiar og 65 000 cytologiske prøvar kvart år. Det blir utført om lag 60 000 immunhistokjemiske undersøkingar, og om lag 350 obduksjonar årleg. Det er i tillegg planlagd at avdelinga i 2025 vil overta ansvar for rettsmedisin frå Universitet i Bergen.
Det er ei framtidsretta avdeling, der store deler av diagnostikken no er digital, og vi arbeider kontinuerleg med innføring av nye metodar og ny teknologi, mellom anna innan kreftgenomikk.
Det er i overkant av 120 tilsette på avdelinga. Det er 30 overlegar og 12 stillingar for legar i spesialisering. Vi er heldige som har engasjerte og trivelege tilsette, og vi søker etter medarbeidarar som kan like seg i eit hektisk og spennande arbeidsmiljø. Her vil du få ei viktig rolle og høve til å vere i kontinuerleg utvikling. Vi ser etter deg som har evne til å arbeide målretta og som set fagleg kvalitet høgt. Fleire av overlegane har bistilling på Universitetet i Bergen, og det er eit tett samarbeid med tilsette på universitetet.
Arbeidsoppgåver
- Den som blir tilsett skal delta i rutineoppgåver ved avdelinga; makroskopisk undersøking av operasjonspreparat, histologisk undersøking med tilhøyrande spesialundersøkingar, frysesnitt, cytologisk diagnostikk og obduksjon, samt aktiv deltaking i avdelinga sitt internundervisningsprogram. Det vil og vere mogleg å arbeide innan rettsmedisin, og dersom dette er av spesiell interesse ber vi om at søkar oppgjer dette
- Ved tilsetjing vil personlege eigenskapar bli vektlagd
Kvalifikasjonar
- Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS-2/3 stilling i patologi
- Må kunne kommunisere godt på skandinavisk språk skriftleg og munnleg, tilsvarande Søkar som har eit anna morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråkleg vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsk test på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggas søknaden
- Det vil bli lagt vekt på erfaring frå patologifaget og relevant forskingserfaring
- Erfaring frå klinisk verksemd kan vere nyttig
Personlege eigenskapar
- Interesse for dei medisinske basisfaga anatomi, histologi, fysiologi, biokjemi og molekylærbiologi
- Stor vilje til å tileigne seg teoretisk og praktisk kunnskap
- God formidlingsevne, skriftleg og munnleg
- Gode samarbeidsevner
- Kunne arbeide ansvarleg, nøyaktig, effektivt, etterretteleg og sjølvstendig
Vi tilbyr
- Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
- Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
- Høgt fagleg nivå
- Gode moglegheiter til forsking og utviklingsarbeid
- Ein viktig og interessant jobb i norsk helsevesen
- Lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande overeinskomst og arbeidsreglement. Stillinga blir for tida lønt med eit rekrutteringstillegg i tillegg til grunnlønn
- Alminneleg arbeidstid
- Personleg rettleiar og deltaking i avdelinga sitt utdanningsprogram, i rotasjon med dei andre spesialistkandidatane
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Torill Myklestad Barrett, 55973211, torill.myklestad.barrett@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen
Referansenr.: 4880182460
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.01.2025
Sluttdato: 31.12.2025
Søknadsfrist: 06.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Laboratorieklinikken/ Avdeling for patologi, Helse Bergen orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. |
Webside | www.helse-bergen.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Lege |
Sted | BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5021) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | 01-01-2025 |
Søknadsfrist | 06-12-2024 |