Liljevatnet barnehage – Øygarden kommune Liljevatnet barnehage

Education Barnehagelaerer

(2 dager siden)

  • STRAUME
  •  Lagt til dato: 2. desember 2024
  •  Expire date: 17. desember 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 02-12-2024
Deadline: 17-12-2024

 

Liljevatnet barnehage

Om avdelinga:

Liljevatnet barnehage er ei barnehage med 6 avdelingar, lokalisert på Knarrevik på tidlegare Liljevatnet skule. Vikariatet er på ei avdeling med barn i 4 års alderen. Liljevatnet barnehage er ei barnehage med store, lyse lokalar tilpassa moderne barnehagedrift. Den har og gode og varierte uteområde. Ute finn du blant anna både tilrettelagte leikeareal, eit skjerma området for dei minste og spanande naturområde. Barnehagen har eigen gymsal/scene og gode personalrom/arbeidsrom for dei tilsette.

Satsingsområda til barnehagen er fokus på språk, sosial kompetanse og relasjonsbygging gjennom mellom anna De utrolege årene og Dinosaur -skule.

Vi har forventingar til eit personale som er i stadig utvikling, både fagleg og personleg. Eit personale som bidrar til å gje positivt innhald til vår visjon: Vi set varige spor.

Vi samarbeider godt med kulturskulen som er lokalisert i 2.høgda i same bygg. Her deltar 4-åringane på musikksamling ein gong i veka. Ved spesielle anledningar som sommaravslutning med føresette, bidrar kulturskulen med sin ekspertise, til stor glede både for store og små. Andre delar av bygget vil halde fram med å ha funksjon som nærmiljøanlegg med aktivitetar på kveldstid.

Arbeidsoppgåver

  • Medansvar for å leie barnegruppa og samarbeide tett med føresette.
  • Vera ein motiverande teamleiar og rettleiar for personalet på eigen avdeling.
  • Medansvar for det pedagogiske arbeidet frå planlegging til dokumentasjon, i tett samarbeid med resten av personalet.
  • Barnehagelærar har ei viktig fagrolle i å utvikle Liljevatnet barnehage for framtida.
  • Sjå kvart barn, gje omsorg og ta initiativ til leik og aktivitetar som skapar samhandling, relasjonar og vennskap barna i mellom.
  • Bidra til høg delingskultur slik at barnehagen vert ein lærande organisasjon som gjer kvarandre god.

Kvalifikasjonar: 

Må ha:

Barnehagelærarutdanning

Ønskjeleg med:

Erfaring frå arbeid i barnehage som barnehageleiar

Personlege eigenskapar:

  • Vi søkjer ein person som er positiv, raus, inkluderande og inspirerande vaksen og kollega.
  • Du har gode evne til kommunikasjon, samhandling og relasjonsbygging.
  • Du må like utfordringar
  • Du bidrar til ein tilbakemeldingskultur som skapar motivasjon, vekst og trivsel.
  • Du kan arbeide sjølvstendig og er løysingsorientert i ein hektisk kvardag.
  • Du set barnet sitt beste i fokus og er ei god medspelar for føresette om å gje barna ei god oppvekst – og slik set du varige spor.

Anna:

  • Dette er eit vikariat fom 01.01.25
  • Vi har eit vaktsystem der vi rullerer om tidleg-, mellom- og seinvaktar. 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Kontakt:

Einingsleiar: Monica Beathe Vindenes, monica.vindenes@oygarden.kommune.no

                       Mob. 91380598

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Øygarden kommune Liljevatnet barnehage orgnr: 923249613
Kort om arbeidsgiver Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.
Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Barnehagelærer
Sted STRAUME (Adresse: Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1 Postnr: 5354)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 17-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/a056d834-4711-4a73-b8bd-e06c3e29d1a1
IMPORTAPI