Liker du å kokkelere på sjøen? Bli med på Hardangerjakta Mathilde! – Hardanger Fartøyvernsenter ved Hardanger og Voss museum
Transport og lager Sjofart(6 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 12-03-2025
Deadline: Snarest
Liker du å kokkelere på sjøen? Bli med på Hardangerjakta Mathilde!
Har du erfaring med matlaging og lyst på en unik jobb til sjøs? Me søkjer ein kokekyndig person til Hardangerjakta Mathilde for sesongen 2025!
Hva vi ser etter
Me ser etter deg som:
- Har erfaring med matlaging, gjerne frå storkjøkken, kantine eller tilsvarande
- Er strukturert og sjølvstendig
- Kan trivst med å jobba på få kvadratmeter og tett på resten av mannskapet
- Har gode samarbeidsevner
- Snakkar og forstår norsk godt
Krav og ønskjelege kvalifikasjonar:
- Gyldig vandelsattest frå Politiet
- Helseattest frå sjømannslege
Arbeidsoppgaver
Som kokekyndig på Mathilde har du ansvar for å laga næringsrik og god kvardagsmat til leirskuleelevar og andre medseglarar. Du vil planleggja menyar, handla inn og stå for matlaginga om bord. Mange av gjestane våre er born, så det er viktig at du trivst i lag med dei.
I rolege periodar, før og etter sesong, vil du også delta i ulike arbeidsoppgåver knytt til drift av Mathilde.
Vi tilbyr
Kvifor Hardangerjakta Mathilde?:
-
Du vil bli ein del av eit triveleg og uformelt miljø, omgitt av kollegaer med eit sterkt engasjement for arbeidsplassen sin og oppdraget vårt i samfunnet.
-
Utfordrande og varierande arbeidsoppgåver som vektlegg formidling og tverrfagleg arbeid.
-
Hardanger Fartøyvernsenter kan tilby gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar.
-
Varigheit: Sesongvikariat mars–oktober 2025, moglegheit for fast stilling på sikt
- Løn: Etter avtale
DIVERSE INFO