Stillingsbeskrivelse

Published 19-12-2024
Deadline: 15-01-2025

 

Liker du å arbeida med vannkraftverk og tekniske løysningar?

Vasskrafta.
Å sjå den mektige krafta i vatnet verta omgjord til elektrisk kraft. Store krefter i sving som medfører krevjande tekniske utfordringar som me likar å arbeida med. Når dette arbeidet er med å sikra berekraftig produksjon av straum, som legg grunnlaget for det moderne samfunn, så tykkjer me det er ein flott totalpakke.
Vil du vera med som fagansvarleg for det mekaniske i dette arbeidet?

Som fagansvarleg mekanisk i Sunnhordland Kraftlag vil du stå i front for å halda hjartet i våre vasskraftanlegg i topp stand. Sikra høgast mogleg oppetid og utnytta driftsstansar best mogleg til optimalisert vedlikehald. I tillegg har me nå nyleg fått godkjenning frå NVE på utbygging av eit nytt stort kraftverk på 220MVA. I både utvikling og vedlikehald vil du vera ein nøkkelperson i å finna praktiske og gode løysningar i samarbeid med andre fagansvarlege, leverandørar og samarbeidspartnarar. Stillinga er plassert i avdeling Teknisk Drift og Vedlikehald og rapporterer til teknisk sjef/driftsleiar.

Arbeidsoppgåver: 

  • Fagansvarleg mekanisk, leia og koordinera mekanisk arbeid i våre kraftverk.
  • Legge føringar for mekaniske val knytt til nybygg og oppgraderingar.
  • Utarbeida og oppdatera vedlikehaldsplanar og dokumentasjon for drift og vedlikehald
  • Sikra at tekniske krav og standardar blir følgde og oppdaterte.
  • Samarbeida tett med internt fagmiljø, leverandørar og eksterne aktørar for å sikra optimal drift og vedlikehald.

Din kompetanse:

  • Bachelor- eller mastergrad innan maskinteknikk eller anna relevant teknisk fag. Relevant erfaring kan kompensera for utdanning.
  • Erfaring frå vasskraftbransjen er ein fordel, men ikkje eit krav.
  • God kjennskap til vedlikehaldsplanlegging og teknisk dokumentasjon.
  • Norsk språk, skriftleg og munnleg
  • Førarkort klasse B

Dine personlege eigenskapar:

  • Lærevillig og ønske om å læra mest mogleg om kraftverk
  • Analytisk med evne til å sjå livstidskost
  • Strukturert og sjølvstendig i arbeidsstilen, med gode kommunikasjonsevner
  • Samarbeidsorientert og likar å jobba på tvers av fagområde og team

Me tilbyr: 

  • Du får arbeida i ein av dei mest viktige bransjane samfunnet har.
  • Moglegheiter for fagleg utvikling og vidareutdanning.
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
  • Ein fleksibel arbeidskvardag med moglegheiter for delvis heimekontorordning.
  • Firmabil og gode løns-, pensjons- og velferdsordningar som hytter, trening og helseforsikring.

For den som får jobben, blir det gjort bakgrunnssjekk i tråd med kraftberedskapsforskrifta.
 
Arbeidsstad: Matre i Kvinnherad men delvis bruk av kontor i Etne eller på Stord kan vurderast.

Søknadsfrist: 15.1.2025

Nyfiken? Har du spørsmål eller ønsker ein uforpliktande samtale om stillinga? Ta kontakt med vår rekrutteringsrådgivar i Human; Magnus Ånestad på 992 67 888. Du kan òg kontakta teknisk sjef/driftsleiar Eirik Ulvenes på 975 56 134, eller avdelingsleiar for teknisk drift og vedlikehald, Tore Storhaug på 909 39 434. 
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sunnhordland Kraftlag AS orgnr: 973165747
Kort om arbeidsgiver Sunnhordland Kraftlag AS (SKL) er blant dei ti største produsentane av rein energi frå vind- og vasskraft i Norge og eig i kraftverk med samla installert effekt på 875 MW. Desse produserer årleg omlag 3 200 GWh i Vestland- og Rogaland fylke. Hovudkontoret er på Stord. SKL har stort fokus på vekst innan fornybar energi og har fleire vasskraftverk under bygging og planlegging. SKL deltek også i utvikling av offshore vindkraft og grøn hydrogenproduksjon.
Webside www.skl.as
Bransje Industri og produksjon
Yrke Maskinteknikk og mekanikk
Sted MATRE (Adresse: Matersvegen 76 Postnr: 5498)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 15-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/34e011f6-eb6b-4d94-8feb-ba69392961f1
IMPORTAPI