Leiar økonomi- og usikkerheitsstyring – Statens vegvesen

Kontor og økonomi Bank finans forsikring

(22 timer siden)

  • BERGEN
  •  Lagt til dato: 17. oktober 2024
  •  Expire date: 3. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 17-10-2024
Deadline: 03-11-2024

 

Leiar økonomi- og usikkerheitsstyring

Om stillinga

Har du lang styringserfaring innan økonomi og usikkerheit for ein portefølje? Kan du tenke deg nye utfordringar i eit megaprosjekt der du jobbar med både veg og bane for to av dei største byggherrane i landet?  Då er dette jobben for deg!

 

Fellesprosjektet Arna-Stanghelle (FAS) er Noregs største tunnelprosjekt og eit samarbeidsprosjekt mellom Statens vegvesen og Bane NOR. Det skal byggast nesten 80 km tunnel for veg og bane. Byggestart er planlagt i 2025 og prosjektet vil bli gjennomført med felles organisering, prosjektering og bygging av Statens vegvesen og Bane NOR. 

 

Du finn meir informasjon om prosjektet her: Fellesprosjektet Arna – Stanghelle 

 

Er du ein utfordrar som trivst med strategisk rådgivning og økonomisk analyse? 

Leiar økonomi og usikkerheisstyring har ansvar for etablering og oppfølging av rutiner for økonomistyring, kostnadskontroll, usikkerheitsstyring og fremdriftsplanlegging. Dette omfattar analysearbeid og proaktiv forvalting av prosjektets økonomi og usikkerheitsregister. I rollen vil du vere ein viktig rådgjever og støttespelar til prosjektsjef, assisterende prosjektsjef og prosjektleiarane, og vil rapportera direkte til prosjektsjef

 

Evner du å sette retning og etablere fellesskap?

Du vil få ei sentral rolle i prosjektet og vil få fagleg leieransvaret for fleire ressursar, innen kostnadskontroll, usikkerheitsstyring og fremdriftsplanlegging. Som fagleg leier får du ansvar for ressursplanlegging og bemanning av eiga team, som skal bistå inn i dei ulike entreprisane i prosjektet. Prosjektorganisasjonen består av ansatte frå både Statens vegvesen og Bane NOR og du får en viktig rolle som fagleg brobygger. Dette krever gode kommunikasjonsevner og at du er proaktiv, nysgjerrig og pragmatisk i di tilnærming til utfordringar.

 

Du kjenner deg igjen i fleire av desse punkta:

  • Minimum 3 årig utdanning innan relevant fagområde. Lang erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
  • Solid erfaring frå både økonomisk styring, prognosearbeid og kontroll
  • Erfaring frå økonomistyring av portefølje. Erfaring frå byggherre, rådgjever eller entreprenør er ein fordel.
  • God forståing for samspillet mellom økonomi, fremdrift og usikkerhet i større komplekse og tverrfagege prosjekt.  
  • Utmerka munlege og skriftlege formidlingsevne
  • God prosjekt-, forretnings- og økonomisk forståelse
  • Du er proaktiv og komfortabel med å ta ufordrerrolla og evnar å kommunisera med andre fagområdar.
  • Du trivst i samarbeid med andre og verdsett samarbeid høgt. 
  • Du er effektiv, strukturert og analytisk

 

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).

 

Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i dette prosjektet blir du ein del av både Statens vegvesen og Bane NOR. Prosjektet vil pågå i 12-14 år og her er ein unik moglegheit til å jobbe for to av Norges største byggherrar samtidig. Her vil du påverke samfunnsutviklinga knytta til eit svært etterlengta samferdsleprosjekt, der me skal prosjektere og bygge både ny veg og bane i eit skredfarleg område. 

Som tilsett i Statens vegvesen  vil du bli teke godt i mot, og du blir ein del av eit fellesskap. 

 

Vi tilbyr: 

  • En viktig posisjon i et av Norges største samferdselsprosjekt. En utfordrande og ansvarsfull rolle i et svært spennande arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer. 
  • Ansvar og fagleg oppfølging hos to av Noregs største byggherrar samtidig.
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • God pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • Moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • Gode moglegheiter for fagleg påfyll
  • Arbeidsstad er anleggskontor i Arna, men i Bergen sentrum frem til denne er etablert. Heimekontor etter nærmare avtale.

 

Vi ser fram til å lese din søknad!

 

Krav til søknaden

Fyll ut felta «Utdanning» og «Arbeidserfaring» og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

 

Har du spørsmål om stillinga?

Rekrutterande leiar: Katrine Sælensminde Erstad
✆ (+47) 41 68 09 12 | ✉ katers@vegvesen.no

 

Assisterande rekrutterande leiar: Anne Katrine Laskemoen Herdlevær
✆ (+47) 92 64 74 55 | ✉ lasann@banenor.no

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Statens vegvesen orgnr: 924692960
Kort om arbeidsgiver

Statens vegvesen vil leie an i utviklinga av eit effektivt, sikkert og heilskapleg transportsystem tilpassa morgondagen sine behov og teknologi. Vi bygger, driftar og vedlikeheld riksvegane, og vi tek vare på heilskapen gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydeleg regelverk og standardar for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og utviklinga av digitale tenester sikrar vi trafikantane smarte, trygge og miljøriktige transportval.

Verksemda vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjonar.

 

 

 

Webside https://www.vegvesen.no/om-oss/jobb/
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Bank finans forsikring
Sted BERGEN (Adresse: Nygårdsgaten 112 Postnr: 5008)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 03-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/54cb99bb-4fb7-48f0-8aa0-b96cf05038ad
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/269373