Stillingsbeskrivelse
Published 01-12-2024
Deadline: 05-01-2025
Leiar næringsmarknad (elektro)
Tussa Installasjon
Tussa Installasjon har 125 medarbeidarar og er eit dotterselskap i konsernet. Selskapet er i vekst og har gjennom ei årrekkje opparbeidd seg eit solid fundament av kompetanse og lokalkunnskap. Vi er opptekne av å levere miljøvenlege løysingar som stettar krava i dag, og dei moglegheitene vi får i framtida. Faget vårt er i rivande utvikling, og vi legg stor vekt på å ha oppdatert kunnskap om morgondagen sine løysingar.
Om stillinga
Tussa Installasjon AS er delt inn i 4 geografiske avdelingar; Ørsta, Ulsteinvik, Fosnavåg og Stryn. Dei største avdelingane er vidare oppdelt i ulike forretningsområde. I Ørsta har vi ledig stilling som leiar for forretningsområdet næring.
Som leiar for denne gruppa vil du bli ein del av ei veldriven avdeling med godt arbeidsmiljø. «Leiar næring» vil ha ei sentral rolle i arbeidet med å vidareutvikle forretningsområdet. Teamet består av om lag 10 elektrikarar og ingeniørar med høg fagleg kompetanse. Arbeidet vil innebere personalansvar, rådgjeving, planlegging og prosjektering av både små og store tverrfaglege prosjekt. Stillinga inngår i kontoret si leiargruppe.
Vi søkjer etter deg som:
- likar balansen mellom å jobbe i team og sjølvstendig
- har komersiell teft
- er serviceinnstilt og har god elektrokunnskap
- har gode leiareigenskapar
- har bachelor Elkraft. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
- meistrar godt norsk og engelsk, munnleg og skriftleg
-
har sertifikat klasse B
Av omsyn til kjønnsbalansen i selskapet oppmodar vi kvinner til å søkje
Vi kan tilby:
- godt fagmiljø med store utviklingsmoglegheiter i eit aktivt konsern
- uformelt arbeidsmiljø som legg vekt på utvikling, sjølvstende og trivsel
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- løn etter avtale
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Tussa orgnr: 933159426 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Tussa er eit konsern på Nord-Vestlandet med over 270 medarbeidarar. Konsernet femnar om forretningsområda energi, IKT og installasjon og har ei årleg omsetning på om lag 1 mrd. kr. Vi har godt arbeidsmiljø, konkurransedyktige vilkår, og verdiane vi skapar kjem både miljøet og samfunnet til gode.Tussa har stort miljøfokus og er miljøsertifisert etter ISO 14001:2015 standarden. |
Webside | https://www.tussa.no/ |
Bransje | Kontor og økonomi |
Yrke | Megling |
Sted | HOVDEBYGDA (Adresse: Indrehovdevegen 67 Postnr: 6160) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Privat |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 05-01-2025 |