Leiar i næringseininga – Sektor for samfunnsutvikling

Kontor og økonomi Ledelse administrasjon og radgivning

(1 dag siden)

  • HAREID
  •  Lagt til dato: 20. november 2024
  •  Expire date: 5. desember 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 20-11-2024
Deadline: 05-12-2024

 

Leiar i næringseininga

Stillinga som leiar for næringseininga i Hareid kommune er ledig. Her får du prøvd deg på utfordrande arbeidsoppgåver som spennar frå overordna ansvar for næringsutvikling og hamn til å jobbe for auka bulyst og reiseliv. 

Vår nye medarbeidar trivst med varierte, utfordrande arbeidsoppgåver og eit høgt tempo. Du ivrar for bulyst og fleire innbyggjarar. Har du engasjement og initiativ? Finn du kreative og korrekte løysingar i utfordrande saker av ulik karakter? Ja, då kan du vere den vi ser etter. 

Næring er ei av seks einingar i sektor for samfunnsutvikling. Vi syt for inntekter til kommunen gjennom mellom anna tomteutvikling, og utvikling av reiseliv som næring. «Vekst i Hareid», folkehelsekoordinator/SLT, klima, miljø og berekraft ligg også til eininga vår. 

Arbeidsoppgåver

Du vil få overordna ansvar for næring, næringsteam, næringsfond og hamn. Rolla som hamnesjef ligg til stillinga. 
Sentrale oppgåver vil vere:

  • personal-, økonomi- og budsjettansvar
  • overordna ansvar som grunneigar av for ubygd eigedom i kommunen. I det ligg kjøp og sal av eigedomar, rettar, løyver til arrangement, torghandel og regelverk for dette, avtalar/kontraktar, evnt. tvistar og jordskiftesaker m.m. 
  • utgreiingsarbeid, arbeid med malar, politiske saker og møte i politiske utval
  • offentlege innkjøp
  • næringsutviklingsarbeid, kontakt med næringsliv
  • utvikling av bustadfelt og regelverk for og sal av kommunale tomter
  • utvikling og sal av næringsområde
  • utvikling av reiseliv som næring, m.a. cruise og cruisenettverk

Andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga.

Kvalifikasjonar

  • relevant høgare utdanning innan aktuelle fagområde t.d. jus, plan/eigedom eller offentleg forvaltning
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk. Det vert nytta nynorsk skriftspråk i kommunen.
  • førarkort kl. B

Vi ønskjer at du har erfaring og kjennskap til kommunale fagsystem, regelverk og organisering av offentleg forvaltning.

Utdanningskravet kan vi gå bort frå, om du har sterk og allsidig praksis frå aktuelle fagområder og er godt eigna til jobben.

    Personlege eigenskapar

    • fleksibel, proaktiv og open for nye utfordringar
    • sjølvstendig, strukturert, initiativrik og løysingsorientert
    • ansvarsbevisst med god gjennomføringsevne
    • god på leiing, samarbeid, formidling og kommunikasjon  

    Vi legg vekt på at du er godt eigna til stillinga. 

    Vi tilbyr

    • god arbeidsfelleskap med dyktige medarbeidarar og kollegaer
    • meningsfulle arbeidsoppgåver med mulegheit til å påverke og utvikle både organisasjonen og lokalsamfunnet
    • løn etter avtale, god pensjonsordning i KLP og fleksibel arbeidstidsordning

    Kontaktinformasjon

    Kai-Rune Bjørke, Kommunalsjef, +47 990 44 350

    Arbeidsstad

    Rådhusplassen 5
    6060 HAREID

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Sektor for samfunnsutvikling

    Referansenr.: 4887817657
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 05.12.2024

     

     

    DIVERSE INFO

    Arbeidsgiver Sektor for samfunnsutvikling orgnr: 974007320
    Kort om arbeidsgiver

    GODE TENESTER – GLADE TILSETTE

    Hareid kommune har omlag 5300 innbyggarar, og 500 tilsette. 

    Våre tilsette er kommunens viktigaste ressurs. Kvaliteten på tenesteytinga er avhengig av kompetanse, og i kva grad vi har vilje og motivasjon. Innbyggjarane i Hareid er utgangspunktet for service- og tenesteytinga vår. 

    Inkludering og mangfald er ein styrke. VI oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

    Alle søkjarar blir førte opp på offentleg søkjarliste. Du kan søkje om anonymitet. Det må liggje føre særskilde omstende for å få innvilga unntak, jamfør Offentleglova § 25.

    Gyldig politiattest av ny dato legg du fram til stillingar der dette er eit krav.

    Attestar, vitnemål og vedlegg må ligge ved søknaden din.

    Vi oppmodar deg til å nytte Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Noreg må vere godkjent av HK-dir (tidlegare NOKUT), og du må dokumentere godkjenninga.

    Webside http://www.hareid.kommune.no
    Bransje Kontor og økonomi
    Yrke Ledelse, administrasjon og rådgivning
    Sted HAREID (Adresse: Rådhusplassen 5 Postnr: 6060)
    Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
    Sektor Offentlig
    Krav Unknown
    Tiltredelse Unknown
    Søknadsfrist 05-12-2024


    Kilde: NAV stillingsannonser
    https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e16cfaa2-3d25-4287-809f-e584a7fcd2af
    IMPORTAPI