Stillingsbeskrivelse

Published 17-12-2024
Deadline: 19-01-2025

 

Leiar for Karriere Vestland

Direktør for opplæring og kompetanse ser etter ein tydeleg, dyktig og motivert leiar med eit sterkt ønske og engasjement for å vidareutvikle Karriere Vestland til det beste for innbyggarane i Vestland.

Karriere Vestland gir tilbod om gratis og profesjonell karriererettleiing for vaksne og til nykomne flyktningar som kvalifiserer til introduksjonsprogram i kommunane i Vestland. Oppgåvene er forankra i opplæringslova og i integreringslova.  

Karriere Vestland er eit kompetansesenter for karriererettleiing og har samarbeid med mange ulike interne og eksterne aktørar. Karriererettleiarane har i dag kontorstad i 6 kommunar: Alver, Bergen, Sogndal, Stad, Stord og Sunnfjord. Rettleiinga skjer både fysisk og digitalt.

Kontorstad for leiarstillinga er i Bergen.

Arbeidsoppgåver

  • Jobbe aktivt for at opplærings- og kompetansesektoren når sine strategiske mål der karriererettleiing er eit verkemiddel.
  • Fag- og personalansvar
  • Økonomi- og budsjettansvar
  • Vidareutvikle karriererettleiingstenestene, knytt til mål og krav i fullføringsreform, ny opplæringslov, integreringslov og regionale strategiar
  • Delta i nettverk og på samhandlingsarenaer på lokalt og nasjonalt nivå
  • Samhandle internt i fylkeskommunen med vekt på rettleiingstenestene og med kommunar i heile fylket
  • Hovudkontakt om karriererettleiing mot Nav og Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
  • Oppfølging av samarbeidsavtale om karriererettleiing med Nav
  • Deltaking i og koordinering av ulike prosjekt

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning på bachelor- eller masternivå frå universitet/høgskule
  • Leiarerfaring
  • God kjennskap til opplæringssektoren og arbeidslivet i Vestland
  • God systemforståing av karriererettleiingsfeltet og kopling mot arbeid og utdanning
  • Leiarutdanning kan vere ein føremon

Personlege eigenskapar

  • God rolleforståing
  • Evne til å stimulere til eit produktivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Evne til å utvikle gode samarbeidsrelasjonar
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter med evne til å inspirere og skape tillit
  • Evne til å ta initiativ og samarbeide med andre fagmiljø, internt og eksternt
  • Sjølvstendig og løysingsorientert
  • Evne til å gjennomføre endringar

Vi tilbyr

  • Spennande faglege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter avtale
  • Fleksibel arbeidstid
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

Kontaktinformasjon

Odd Bjarne Berdal, områdeleiar, 99233975, odd.bjarne.hammersvik.berdal@vlfk.no
Tor Ivar Sandvik, seksjonsleiar, 98692471, tor.ivar.sandvik@vlfk.no

Arbeidsstad

Lars Hilles gate 22
5008 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4897761442
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Opplæring og kompetanse, Vestland fylkeskommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Webside
Bransje Industri og produksjon
Yrke Arbeidsleder, industri
Sted BERGEN (Adresse: Lars Hilles gate 22 Postnr: 5008)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 19-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/b05f65ef-277c-4968-8d2f-6c7a47d2fa26
IMPORTAPI