Leiar for digital transformasjon og teknologi – Skyss

IT Utvikling

(3 dager siden)

  • LEIKANGER
  •  Lagt til dato: 1. januar 2025
  •  Expire date: 30. januar 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 01-01-2025
Deadline: 30-01-2025

 

Leiar for digital transformasjon og teknologi

Skyss leverer berekraftig mobilitet til tusenvis av menneske kvar dag. God bruk og forvaltning av teknologi er viktig for dette arbeidet. No ser vi etter deg som vil leie Skyss sitt digitale arbeid vidare.

Som leiar for avdeling digital transformasjon og teknologi vil du ha ei sentral rolle i å realisere dei strategiske ambisjonane våre. Avdelinga har om lag 15 flinke kunnskapsmedarbeidar og ein fagleiar. Fagfeltet går frå IOT/OT-løysingar i buss, bybane og båt, til tenesteforvaltning, dataanalyse, prosjektleiing og verksemdsarkitektur. Avdelinga er også sentral i eit produktteam for digital plattform som samlar inn sanntidsdata frå transportmidla og omformar dette til informasjon og innsikt. Du vil sette retning for Skyss gjennom eigarskap og forvaltning av Skyss sitt digitale målbilde.

Skyss jobbar også aktivt for å delta og bidra i det nasjonale bransjesamarbeidet innan digital tenesteutvikling. Her vil du ha ei sentral rolle i forvaltninga og utviklinga av samarbeidet på vegner av Skyss.

Vi ser etter ein leiar som kan sette retning og samle både avdeling og verksemd om felles strategiske mål. Du evnar å både leie og stå i endringsprosessar. Du kommuniserer på ein egna måte internt og eksternt i avdelinga og verksemda.

Du klarer å ha fokus på langsiktige prioriteringar, samtidig som operasjonelle utfordringar må handterast. Du har god teknologiforståing, men endå betre forretningsforståing.

Arbeidsoppgåver

  • Avdelinga har ansvar for verksemdsarkitektur, datainnhenting og tilgjengelegggjering, analyse, prosjektleiing og forvaltning av fagsystem og teknisk utstyr
  • Budsjettansvar
  • Forvalte digital strategi, evne til å sette strategisk retning og jobbe med måloppnåing
  • Endringsleiing og interessenthandtering i avdelinga, på tvers i Skyss og som del av fylkeskommunen 
  • Utvikle avdelinga i tråd med strategisk retning og mål
  • Aktivt delta i og medverke til bransjesamarbeid innan digital tenesteutvikling
  • Sikre at Skyss har effektive og skalerbare tekniske løysingar og driftsmodellar
  • Avdelingsansvar for avdelinga og personalansvar for 8 tilsette og ein faggruppeleiar 
  • Leie og støtte Skyss innan digitalisering, transformasjon og gevinstrealisering

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning, helst på masternivå innan relevante fagområde
  • Leiarerfaring frå relevant verksemd
  • Kjennskap til moderne arbeidsmetodar som produktteam og agil forståing
  • Forståing for verksemdsarkitektur
  • Forståing for digital forretningsutvikling

Personlege eigenskapar

Vi ønsker oss strukturerte og analytiske kandidatar som trivst i leiarrolla og som kan bygge gode
relasjonar og tillit, både internt og eksternt. Den rette kandidaten er fagleg sterk med nok kunnskap til å
delta i faglege diskusjonar og sikre naudsynt kompetanse i eininga. Det er ønskeleg med god evne til å
skape engasjement og initiativ og få med seg organisasjonen i endringsprosessar. Den nye leiaren må
kunne formidle bodskap til ulike målgrupper. 

Vi tilbyr

  • Ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad
  • Eit engasjert arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer
  • Moglegheit for å utvikle seg fagleg
  • Fleksibel arbeidstidsordning
  • Løn etter avtale
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

Andre opplysningar  

  • Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk
  • Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Vi gjer merksam på at ifølge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren verte offentleggjorte sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkar som har bedt om unntak,vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista vert offentleggjort.  

Kontaktinformasjon

Målfrid Vik Sønstabø, direktør, 91653176

Arbeidsstad

Lars Hilles gate 22
5008 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4879781746
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Skyss orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Om Skyss

Skyss har ansvaret for det offentlege tilbodet med buss, bybane, båt og ferje i Vestland fylke.

Vi er eit kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk i fylket, og skal sikre at vi når dei politiske måla som fylkestinget set for kollektiv- og mobilitetstenester. Skyss sitt mål er å gjere det mogleg for kvar enkelt å reise berekraftig frå der du er til dit du skal.

Skyss skal bidra til å nå klimamåla i Parisavtalen. Vi skal gjennom ein forretningsmessig og digital transformasjon, slik at vi kan sikre samanheng i mobilitetstenester på nye måtar til det beste for innbyggarane i Vestland. For å få dette til, må vi styrke laget med nøkkelpersonar som har interesse for mobilitet og som ønsker å bygge bru mellom dagens løysingar og eit mobilitetstilbod for framtida. Skyss er ei eining i Vestland fylkeskommune, har om lag 100 tilsette og eit budsjett på vel 4 milliardar kroner.

Les meir om Skyss her: Jobb og karriere i Skyss

Webside skyss.no
Bransje IT
Yrke Utvikling
Sted LEIKANGER (Adresse: Askedalen 2 Postnr: 6863)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 30-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/f7d51d46-8295-4ffa-946f-113c493a85ed
IMPORTAPI