Leiar for anleggs- og driftsavdelinga – Ulstein kommune

Kontor og økonomi Bank finans forsikring

(4 dager siden)

  • ULSTEINVIK
  •  Lagt til dato: 18. desember 2024
  •  Expire date: 20. januar 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 18-12-2024
Deadline: 20-01-2025

 

Leiar for anleggs- og driftsavdelinga

Ulstein kommune, teknisk etat søkjer etter leiar av anleggs- og driftsavelinga. Leiaren har ansvar for drift, utvikling og utbyggingsprosjekt for tenestene vassforsyning, avløp, kommunale vegar, hamn og grøntanlegg. Leiaren har omfattande kontakt med innbyggjarar, næringsliv og andre offentelege verksemder i tillegg til medarbeidarar på avdelinga og i organisasjonen elles. stillinga rapporterer til kommunalsjef teknisk og inngår i leiargruppa ved etaten.

Arbeidsoppgåver

  • Leie avdeling med 12 tilsette
  • Økonomistyring
  • Personalansvar
  • Iverksette og gjennomføre utbyggingstiltak innan veg, vatn og avløp
  • Sikre god drift innan tenesteområdet
  • Saksbehandling for politiske organ og oppfølging av vedtak

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning. Til dømes ingenieør/sivilingeniør/master innanfor veg, vatn, avløp, bygg, anlegg og liknande, arkitekt, landskapsarkitekt. Krav om høgskuleutdanning, kan fråvikast for søkar med relevant erfaring 
  • Erfaring frå offentleg eller privat verksemd innanfor fagfeltet
  • Erfaring frå prosjektutvikling og prosjektleiing
  • Kompetanse innan økonomistyring og måloppnåing
  • Førarkort minimum klasse B
  • Evne til relasjonsbygging og personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Omgjengeleg med gode samarbeidsevner
  • Sjølvsendig, strukturert og resultatorientert
  • Du må kunne jobbe godt både åleine og i lag med andre
  • Engasjert, løysingsorientert og innovativ
  • Pågangsmot og evne til å drive prosessar framover

Vi tilbyr

Ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av profesonalitet, sterke fagmiljø, tilgang til gode nettverk både innan fag og leiing.

 

Gode offfentlege pensjons og forsikringsordningar.

Løn etter avtale

Kontaktinformasjon

Arne Runar Vik, kommunalsjef teknisk, +47 41582440

Arbeidsstad

Sjøgata 63
6065 ULSTEINVIK

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ulstein kommune

Referansenr.: 4898624464
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Ulstein kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida. 

Webside http://www.ulstein.kommune.no/
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Bank finans forsikring
Sted ULSTEINVIK (Adresse: Sjøgata 63 Postnr: 6065)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 20-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/00277e8e-69ed-4358-a44a-7f02750df840
IMPORTAPI